Tilsette
Mats W. Systaddal
Kulturskulerektor
Tlf. 97 46 06 97
William Anthun
Messingblås og dirigent
Øyvind Selvik
Musikkterapi, vokal og bandinstrument
Costel Laptes
Piano, vokal og bandinstrument
Litt informasjon om kulturskulen
Kulturskulen i Hyllestad, Askvoll og Fjaler er ei interkommunal teneste. Dette betyr at dei tre kommunane har ein felles kulturskule, ei ordning som vart politisk vedteken frå 1. januar 2024.
Til saman har vi om lag 400 elevplassar. Vi er 9 tilsette og har 7,3 årsverk. (Pr haust 2026)
Hyllestad kommune er vertskommune, noko som inneber at alle tilsette i kulturskulen er tilsett i Hyllestad, og at faktura for kulturskuletilbod blir sendt derifrå.
Vi har undervisingstilbod desentralisert. Sjå meir under fana “undervisningstilbodet”
Kulturskulen ønskjer å vere eit ressurssenter for heile regionen, og samarbeider tett med relevante aktørar i alle tre kommunane. Kulturskulen er ei lovpålagt kommunal teneste og ligg under oppvekstsektoren. Fagrådet til kulturskulen består av oppvekstsjefane og kultursjefane i Hyllestad, Askvoll og Fjaler.
Forankring i lovverket
Kulturskulen er forankra i den nye opplæringslova som vart oppdatert 01.08.2024:
§ 26-1 Kulturskole
Kommunen skal ha eit tilbod om kulturskole til barn og unge, organisert i tilknyting til skolen og kulturlivet.
§ 26-2 Formålet med kulturskolen
Kulturskolen skal leggje til rette for at elevane får delta i ulike aktivitetar der dei får lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk, i eit trygt og godt skolemiljø.
Planar
Her kan du lese meir om føringar og innhald i den nasjonale rammeplanen.