Hyllestad frivilligsentral

Hyllestad frivilligsentral skal stimulere til frivillig innsats, mangfaldige og opne møteplassar og er eit bindeledd mellom kommunen og frivilligheita.

BUA

BUA Hyllestad held til i 1. etasje på kommunehuset og vert drifta av Hyllestad frivilligsentral og Hyllestad folkebibliotek. 

BUA Hyllestad - sjå tilgjengeleg utstyr for utlån

Gjenbruksbutikk med klede og sko

I same etasje som BUA Hyllestad finn du også gratisbutikken med klede og sko.  Dersom du har noko du vil gje til gratisbutikken kan dette leverast til frivilligsentralen sitt kontor. Gratisbutikken er open i opningstida til kommunehuset for alle innbyggjarane i kommunen.

Kvar finn du frivilligsentralen sitt kontor?

Hyllestad frivilligsentral sitt kontor ligg rett innforbi hovudinngangen til kommunehuset, ved sidan av ekspedisjonen og biblioteket.

Dagleg leiar i frivilligsentralen er som regel å treffe på kontoret alle kvardagar mellom 08:00 og 15:00. 

Kom gjerne ein tur innom eller ring for ein prat!

Julie Einen
Leiar Hyllestad frivilligsentral
E-post
Mobil 90 73 01 76