Vaksinering

Her finn du informasjon om sesonginfluensavaksine og koronavaksine.

Kikhoste

Kikhoste er ein bakterieinfeksjon i luftvegane, som i starten opptrer liknande som ei vanleg forkjøling. Deretter kan det komme mange veker der ein kan ha anfall med kraftig hoste – dette kan vare så lenge som i 2-3 månadar og sjukdomen vert difor også kalla 100-dagarshoste. 

Sjukdommen smittar ved overføring av dråpar ved hoste, og smitteverntiltaka vi vart vande med under pandemien er gode også for kikhoste: Ikkje host på folk, bruk papir eller armkroken. Vask henda ofte. Hald deg heime når du er sjuk.

 Vaksine har god førebyggjande effekt, men taper seg i effekt over nokre år. Ein vaksinerar for å førebyggje dei sjeldne tilfella av alvorlege forløp – der særleg spedbarn kan bli veldig sjuke. Ein bør følgje vaksineråda, der gravide får tilbod om vaksine og der spedbarn får vaksine ved 3, 5 og 12 månadars alder.

Det er ikkje noko som tydar på noko epidemi eller auka spreiing hjå oss i Hyllestad eller omeign no, men vi føl nøye med. Det er ikkje aktuelt med utvida tiltak utover ordinært vaksinasjonsprogram slik det er no.»

Sesonginfluensa

Bør du ta influensavaksine?
> Sjekk temasida til FHI om influensavaksine

Korona

> Sjekk gjerne FHI kva dei tilrår i forhold til vaksinering mot korona

Koronavaksinen er gratis.

Nyttige lenkjer

Hyllestad legekontor
Telefontid 9-10.30 og 12.30 - 13.30
Telefon 57 78 95 20