Psykisk helse og rus

Hyllestad kommune psykisk helse og rus finn du på kommunehuset på Hyllestad. Kontora ligg i 1. etasje i kommunehuset på Hyllestad. Du kan enten bruke inngang merka «Legesenter», eller inngang ved helsestasjonen.

Psykiske helseproblem og rusmiddelproblematikk oppstår i alle aldersgrupper, og i alle deler av befolkninga. Vi kan tilby helsehjelp til innbyggjarar som har utfordringar innan dette området. Har du, eller nokon du kjenner, slike utfordringar er det viktig å få hjelp raskt.

Treng du akutt psykisk helsehjelp?

  • Ring fastlegen din i opningstida på telefon 57789520, og tast 1.
  • Ring legevakt på 116117 på ettermiddag, natt og helg når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente.
  • Ring 113 (naudnummer) ved akutt fare for liv og helse.

Kva hjelp kan du få?

Tilbodet du får er avhengig av kor alvorleg situasjonen din er, og kva som skal til for at du kan få det betre i høve gode levevilkår og livskvalitet. Hjelpa vi gjev skal bidra til at du vert mest mogleg sjølvhjelpen i dagleglivet.

Tilbodet kan vere:

  • Personleg oppfølging og samtalar
  • Støtte til betring og meistring
  • Hjelp til å lage struktur i kvardagen
  • Hjelp til å finne riktige tenester
  • Hjelp til å finne meiningsfulle aktivitetar
  • Individuell plan og ansvarsgruppe
  • Oppfølging i ein krisesituasjon
  • Oppfølging som pårørande til ein rusavhengig
  • Aktivitetstilbod

Kven kan få tilbodet?

Psykisk helse er ei teneste til menneske som av ulike årsaker har det vanskeleg. Det kan vere akutte kriser, vanskelege livssituasjonar, langvarige psykiske lidingar eller andre udefinerte årsaker som gjer at ein treng psykisk helsehjelp.

Tenesta yt hjelp ut frå individuelle behov, ressursar og mål. Målsetjinga for tenesta er å styrke evna di til å verte sjølvstendig og kunne meistre eige liv.

Kva kostar det?

Det er ikkje eigenbetaling for psykiske helsetenester i heimen.

Slik søkjer du

Du kan enten ta direkte kontakt med oss sjølv, få tilvising via fastlegen, eller du kan sende inn søknadsskjema.

Skriftleg søknad sender du til:
Hyllestad kommune
Lifjordvegen 7

6957 Hyllestad

Når  søknadsskjema er motteke, vil psykisk helse og rustenesta kartlegge behovet ditt for å finne den tenesta som er best og mest hensiktsmessig for deg. 

Søknaden skal handsamast innan fire veker. Du vil få eit førebels svar dersom det vil ta lengre tid.

Opningstider og tilsette

Vi er på jobb måndag til fredag frå 08:00 - 15:30.

Vi jobbar ein god del ute i felten, så det er ikkje alltid folk på kontoret.  Men vi har med oss mobiltelefon og ringer deg tilbake som fort vi har moglegheit til det.

Tilsette:

Aktivitetstilbod

Vi har fleire aktivitetstilbod. Målsettinga med aktivitetstilboda er mellom anna å bidra til auka meistring, styrke sosiale ferdigheiter, auke deltaking og motverke isolasjon. Aktivitetane gjennomførast kvar måndag og fredag. 

På måndag er det friluftsaktivitet. Dette er et lågterskeltilbod i samarbeid med kommunefysioterapeuten Bartje Wichers. 

På fredag samlast deltakarane for ei kjekk stund med blant anna spel, handarbeid og gode samtalar. For å søke plass på aktivitetstilbod kan du nytte søknadsskjemaet ovanfor.

Sjølvhjelpsverktøy

Helseverktøy er ulike digitale hjelpemiddel som du kan bruke sjølv eller for å supplere eller støtte behandlinga di. 

RVTS sin Smart app - Stressmestringsappen SMART kan hjelpe deg å roe ned og handtere irritabilitet og negativ tenking.
Stressmestringsappen SMART finn du her.
 

På Helsenorge finn du  trygge, kvalitetssikra appar, videoar og andre helseverktøy som kan hjelpe deg i kvardagen.
Sjå digitale verktøy her på nettsida til Helsenorge.

Sjølvhjelpsgrupper

Rusettervernet har lokale grupper for ettervern og pårørande. Rusettervernet har døgnbemanna vakttelefon som du kan ringe dersom du har spørsmål eller treng nokon å snakke med.  Dei har telefonnummer 948 34 493, eller 415 07 533. Informasjon finn du her på nettsida til Rusettervernet i Sogn og Fjordane.

Mental Helse Vestland har fleire lokallag som tilbyr ulike aktivitetar for medlemene.  
Kontakt Mental Helse Vestland på e-post her. 
Eller sjå heimesida til Mental Helse Vestland her. 
Mental Helse sentralt har døgnopen hjelpetelefon 116 123.

Nettsida til LEVE -  foreninga for etterlatte etter sjølvmord, finn du her.

Høve til å klage

Dersom du ikkje får innvilga den tenesta du søkjer, vil du få ei grunngjeving for dette.  I svaret du får frå kommunen vil du òg få informasjon om korleis du kan klage og om klagefrist.

Lover og reglar

Linda Dalsøren Meier
Einingsleiar helse
E-post
Telefon 57 78 95 13
Mobil 41 76 84 01
Kelly Torquato da Silva
Fagleiar - Rus og psykiatri
E-post
Telefon 45 97 15 98