Treng du akutt psykisk helsehjelp?
- Ring fastlegen din i opningstida på telefon 57789520, og tast 1.
- Ring legevakt på 116117 på ettermiddag, natt og helg når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente.
- Ring 113 (naudnummer) ved akutt fare for liv og helse.
Kven kan få tilbodet?
Psykisk helse er ei teneste til menneske som av ulike årsaker har det vanskeleg. Det kan vere akutte kriser, vanskelege livssituasjonar, langvarige psykiske lidingar eller andre udefinerte årsaker som gjer at ein treng psykisk helsehjelp.
Tenesta yt hjelp ut frå individuelle behov, ressursar og mål. Målsetjinga for tenesta er å styrke evna di til å verte sjølvstendig og kunne meistre eige liv.
Kva hjelp kan du få?
Tilbodet du får er avhengig av kor alvorleg situasjonen din er, og kva som skal til for at du kan få det betre i høve gode levevilkår og livskvalitet. Hjelpa vi gjev skal bidra til at du vert mest mogleg sjølvhjelpen i dagleglivet.
Tilbodet kan vere:
- Personleg oppfølging og samtalar
- Støtte til betring og meistring
- Hjelp til å lage struktur i kvardagen
- Hjelp til å finne riktige tenester
- Hjelp til å finne meiningsfulle aktivitetar
- Individuell plan og ansvarsgruppe
- Oppfølging i ein krisesituasjon
- Oppfølging som pårørande til ein rusavhengig
- Aktivitetstilbod
Kva kostar det?
Det er ikkje eigenbetaling for psykiske helsetenester i heimen.
Slik søkjer du:
Du kan enten ta direkte kontakt med oss sjølv, få tilvising via fastlegen, eller du kan sende inn søknadsskjema.
Søknadsskjema:
Elektronisk søknadsskjema for deg som vil søke digitalt.
Her finn du søknadsskjema i papir som du kan laste ned, fylle ut og sende med vanleg post. (PDF, 169 kB)
Her finn du fullmaktskjema (DOCX, 41 kB)
Søknad sender du til:
Hyllestad kommune
Lifjordvegen 7
6957 Hyllestad
Når søknadsskjema er motteke, vil psykisk helse og rustenesta kartlegge behovet ditt for å finne den tenesta som er best og mest hensiktsmessig for deg.
Søknaden skal handsamast innan fire veker. Du vil få eit førebels svar dersom det vil ta lengre tid.
Opningstider og tilsette
Vi er på jobb måndag til fredag frå 08:00 - 15:30.
Vi jobbar ein god del ute i felten, så det er ikkje alltid folk på kontoret. Men vi har med oss mobiltelefon og ringer deg tilbake som fort vi har moglegheit til det.
Kontora våre ligg i 1. etasje i kommunehuset på Hyllestad. Du kan enten bruke inngang merka «Legesenter», eller inngang ved helsestasjonen.
Tenesta har fleire tilsette, mellom anna møter du:
Hugo som er utdanna sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid. Han har telefonnummer 970 22 807.
Torill er utdanna ergoterapeut med vidareutdanning i psykisk helsearbeid. Ho har telefonnummer 459 71 598.
Aktivitetstilbod
Vi har fleire aktivitetstilbod. Målsettinga med aktivitetstilboda er mellom anna å bidra til auka meistring, styrke sosiale ferdigheiter, auke deltaking og motverke isolasjon.
Her er lenke til e-post til kontaktperson Marte - Du når ho og på telefon 911 25 892.
Sjølvhjelpsverktøy
Helseverktøy er ulike digitale hjelpemiddel som du kan bruke sjølv eller for å supplere eller støtte behandlinga di. På Helsenorge finn du trygge, kvalitetssikra appar, videoar og andre helseverktøy som kan hjelpe deg i kvardagen.
Sjå digitale verktøy her på nettsida til Helsenorge.
Sjølvhjelpsgrupper
Rusettervernet har lokale grupper for ettervern og pårørande. Informasjon finn du her på nettsida til Rusettervernet i Sogn og Fjordane.
Rusettervernet har døgnbemanna vakttelefon som du kan ringe dersom du har spørsmål eller treng nokon å snakke med. Dei har telefonnummer 948 34 493, eller 415 07 533.
Mental Helse Vestland har fleire lokallag som tilbyr ulike aktivitetar for medlemene.
Kontakt Mental Helse Vestland på e-post her.
Eller sjå heimesida til Mental Helse Vestland her.
Mental Helse sentralt har døgnopen hjelpetelefon 116 123.
Nettsida til LEVE - foreninga for etterlatte etter sjølvmord, finn du her.
Høve til å klage
Dersom du ikkje får innvilga den tenesta du søkjer, vil du få ei grunngjeving for dette. I svaret du får frå kommunen vil du òg få informasjon om korleis du kan klage og om klagefrist.
Lover og reglar
Lenke til Helse- og omsorgstenestelova.
Lenke til Pasient- og brukarrettigheitslova.