Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane

Vi har eit overgrepsmottak som tilbyr samtale, undersøking, prøvetaking, sporsikring og behandling ved seksuelle overgrep og for dei som har vert utsett for vald i nære relasjonar.

Vi er døgnbemanna med sjukepleiarar og legar i vaktberedskap. 

 

Ring legevaktsentralen SYS-IKL på telefon 57 72 37 48 og be om å bli sett over til overgrepsmottaket. 

 

Alle legevaktsentralane i Sogn og Fjordane har direktenummeret til legevaktsentralen i Førde som formidlar kontakt vidare med vakthavande på overgrepsmottaket.

Du kan henvende deg anonymt, og treng ikkje å oppggje personalia eller kva saka gjeld, før du vert sett over til oss. Du kan ta kontakt på telefon for rådgjeving eller avtale om oppmøte hjå oss. Du kan og ta kontakt på vegne av andre enn deg sjølv. Du treng ikkje tilvising frå lege for å komme til oss.

 

Du kan også sende oss ein SMS på telefon 929 88 785 dersom du ynskjer at vi skal ta kontakt med deg. Du vert då kontakta på dagtid måndag – fredag mellom 09:00 og 15:30.

 

Her kan du lese meir om Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane.

 

Her kan du sjå ein film om arbeidet til Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane