Kven kontaktar du når du treng lege?
Legekontoret
Du tek kontakt med legekontoret på telefon 577 89 520. Telefonen er betjent måndag til fredag i tidsromma kl. 09.00 - 10.30 og kl. 12.30 - 13.30.
Øyeblikkeleg hjelp/ akutt helsehjelp (ved fare for liv eller alvorleg redusert helse):
- Kvardagar mellom kl. 08.00-15.30 - ring 57789520 og tast 1 ved behov for øyeblikkeleg hjelp.
- Kveld, natt og helg må du kontakte interkommunal legevakt på telefon 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente.
- Ved behov for akutt helsehjelp ring AMK 113 (naudnummer).
Timebestilling på nett
Bestill time på nettet gjennom PasientSky-appen.
Ved enkelte undersøkingar, som for eksempel førarkortattest, fjerning av føflekkar, celleprøve og gynekologiske undersøkingar treng legen meir tid, så då må ein bestille to påfølgande legetimar.
Fornying av reseptar
Hugs å bestille fornying av reseptar i god tid før du går tom!
For å sjå aktive reseptar med meir, loggar du deg inn på Helsenorge.no
For å fornye reseptar loggar du deg inn her, på PasientSky
Prisar
Du må betale eigeandel for dei fleste konsultasjonane ved legekontoret. Når du når eigenandelstaket får du automatisk tilsendt frikort. Hyllestad legekontor føl eigenandelar fastsett av Helsedirektoratet.
Du finn meir informasjon om eigenandelar her, på nettsida til Helsenorge
Legar
Hyllestad kommune har to fastlegar knytt til legesenteret:
- Anette Ester, kommunelege og tilsynslege ved sjukeheimen.
- Daniel Sollerkvist, privatpraktiserande lege og helsestasjonslege.
Alle innbyggjarar skal ha fått tildelt fastlege. Om du ønskjer å byte fastlege gjer du dette via Helsenorge sine nettsider.
Logg inn her, på Helsenorge.no for å byte fastlege.
Kommuneoverlege
Kommuneoverlegen har ei rådgjevande og administrativ rolle innan helse- og omsorgstenestene.
Bård Flattun Lilleeng er kommuneoverlege i Hyllestad. Dette er eit samarbeid mellom kommunane Sunnfjord, Fjaler og Hyllestad. I tillegg kjøper vi tenestene miljøretta helsevern, folkehelse og smittevern frå Folkehelseavdelinga i Kinn.
Meir informasjon finn du på Folkehelseavdelinga sine nettsider.
Interkommunal legevakt (kveld, natt og helg)
Legevakta si oppgåve er å gje hjelp med helseproblem som ikkje kan vente til vanleg kontortid.
På kveld, natt og helg er Hyllestad kommune knytt til SYS-IKL (Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt. Legevakta ligg i Førde, her finn du legevakt, legevaktsentral, KAD-eining og overgrepsmottak.
Telefon 116117.