Kommunefysioterapi i Hyllestad

Kommunen har for tida to kommunalt tilsette fysioterapeutar i 80 + 30 % stilling. Primær målgruppe er tenestemottakarar i helse og omsorgstenesta og eldre over 65 år og barn frå 0-18 år med behov for habilitering, rehabilitering og førebyggande tiltak.

Kommunefysioterapeutane held til på Hyllestad omsorgssenter, og dette er noko av det dei hjelpe deg med:

 

  • Fysioterapeutisk undersøking og behandling.
  • Vurdering, tilpassing og oppfølging av hjelpemiddel samt bustadtilpassing.
  • Rehabilitering knytt til vaksne og eldre.
  • Oppfølging av barn og unge, i samarbeid med helsestasjon, barnehage og skule.
  • Helsefremjande og førebyggande verksemd.

 

Kontakt:

Du treff kommunefysioterapeutane på Hyllestad omsorgssenter, Eikelund

Åfjordvegen 903

6958 Sørbøvåg

 

Eller på telefon:

Bartje Wichers: 918 75 861

Sirpa Markkanen: 900 60 439

 

Om vi ikkje kan ta telefonen, ringer vi deg tilbake!