Hyllestad fysio- og manuellterapi.

Hyllestad fysio- og manuellterapi held til i underetasjen på kommunehuset. Der er manuellterapeut/fysioterapeut Ann Therece Nord og fysioterapeut Kari Einen samlokalisert i lyse og trivelege lokalar. Begge har driftsavtale med kommunen. 

Kva kan du få hjelp til

Hyllestad fysio- og manuellterapi yter behandling og opptrening. Du treng ikkje rekvisisjon frå fastlege eller spesialist. Dei prøver å ha kort ventetid og har eit godt samarbeid den øvrige helsetenesta og andre instansar i kommunen og utanfor kommunen.

Dei kan hjelpe deg med det aller meste innan muskel og skjelettlidingar, som nakke-, rygg- og bekkenplager, skulder-alboge og hand problem, hofte-, kne- og fotlidelsar, samt opptrening etter skader, mm. Ann Therece kan i tillegg henvise til billeddiagnostikk og spesialist, samt sjukemelde i inntil 12 veker.

Eigenandel etter offentlige takstar.

 

Du finn meir informasjon om eigenandelar på nettsida til Helsenorge.

Kari Einen
Fysioterapeut
Helse og familie
Telefon 57 78 95 14
Ann Therece Nord
Manuellterapeut
Helse og familie
Telefon 57 78 95 47