Kva kan du få hjelp til?
Heimesjukepleien utfører naudsynt helsehjelp og rettleiing til personar som bur heime og som er heilt avhengig av hjelp innanfor følgjande områder, eksempelvis:
- hjelp til personleg hygiene
- hjelp til naudsynt legemiddelhandtering
- sårbehandling
- kartlegging og rettleiing om t.d. kosthald og andre helsespørsmål
- kartlegging, rettleiing og opplæring slik at du kan meistre oppgåver på eiga hand
- bistand i siste fase av liver
Heimesjukepleie er behovsprøvd og tidsavgrensa.
Treng du hjelp til reingjering i huset, kan du søkje om heimehjelp (praktisk bistand. Det er ei betalingsteneste.
Kven kan få hjelp av heimesjukepleien?
Du kan søkje om heimesjukepleie når du bur eller oppheld deg i Hyllestad kommune, og du har eit helseproblem eller funksjonssvikt som gjer at du har trong for sjukepleie i eigen heim. Til dømes til:
- Pleie, ernæring, medisinering eller sårstell
- Etterbehandling eller opptrening for å klare deg sjølv
- Omsorg ved livets slutt
Slik søkjer du
Elektronisk søknadsskjema om helse- og omsorgstenester
Du brukar BankID for å logge den inn for å søkje.
Papirskjema søknadsskjema om helse- og omsorgstnester (PDF, 169 kB)
Fullmaktskjema om andre enn mottakar søkjer (DOCX, 41 kB)
Søknad sender du til:
Hyllestad kommune
Omsorgstenestene
Åfjordvegen 903
6958 Sørbøvåg
Søknadsfrist
Det er ingen søknadsfrist på heimesjukepleie, søknader som kjem inn vert handsama etterkvart.
Sakshandsaming, klage og søknadsprosessen
Les meir om sakshandsaming, klage og søknadsprosessen her
Regjeringa om eigenbetaling for kommunale tenester i og utanfor institusjon.
Regjeringa om kommunale helse- og omsorgstenester.
Her kan du lese lov om pasient- og brukarrettigheiter.