Heimehjelp

Heimehjelp, eller praktisk bistand, er ei betalingsteneste til personar som er avhengig av hjelp til praktiske oppgåver i kvardagen for å kunne klare å bu heime.

Kva kan du få hjelp til?

Vi kan hjelpe til med:

  • Bestilling av matvarer
  • Klesvask
  • Oppvask
  • Reingjering

Treng du hjelp med medisinering, behandling, hjelp til stell og personleg hygiene eller liknande, kan du søkje om heimesjukepleie.

Kven kan få heimehjelp/praktisk bistand?

Tenesta vert tilbydd til personar med funksjonsnedsetting, sjukdom og/eller eldre.

Slik søkjer du

Du søkjer om heimehjelp ved å fylle ut søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

Om du ikkje kan søkje elektronisk, kan du laste ned papirsøknad her (PDF, 154 kB)

Fullmaktskjema dersom andre enn mottakar søkjer (DOCX, 41 kB)

Søknad sender du til:
Hyllestad kommune
Omsorgstenestene
Åfjordvegen 903                                                                                                                                       
6958 Sørbøvåg

Kva kostar det?

Prisliste for kommunale tenester finn du her

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist for heimehjelp, søknader vert handsama etter kvart som dei kjem inn.

Hilde Merethe Håvåg
Fagleiar omsorgstenestene
E-post
Telefon 57 78 96 09
Mobil 40 41 47 61