Aldring og helse

Om fullmakt, fremtidsfullmakt og vergemål

“Hva skjer hvis du en dag blir syk og ikke lenger kan ivareta egne interesser? Hvem handler på vegne av deg? På denne siden kan du lese mer om hvordan du kan planlegge for fremtiden og om ordninger som fremtidsfullmakt, legalfullmakt og vergemål.”

(Publisert fritt etter samtykke frå Nasjonalt senter Aldring og helse november 2024).

På Nasjonelt senter for aldring og helse si nettside kan du mellom anna sjå ein informasjonsvideo om fullmakt og vergemål.

Kort fortalt om fullmakt og vergemål

 

Dei ulike fullmaktsordningane kan vere utfordrande å skilje frå kvarandre. Her får du ei kort oppsummering:

 

  • Med ei fullmakt kan du gje ein annan person mynde til å opptre og handle på dine vegne.

 

  • Legalfullmakt gjev deg som nærståande rett til å gjere daglegdagse økonomiske disposisjonar på vegne av eit familiemedlem som ikkje kan ivareta eigne interesser. Du kan ikkje gjere større økonomiske disposisjonar, som sal av fast eigedom, eller ivareta personlege interesser, som å søke om tenester frå kommunen eller NAV. Då må du ha ei framtidsfullmakt eller vere verge.

 

  • Med ei framtidsfullmakt kan du sjølv bestemme kven som skal ivareta dine personlege og økonomiske interesser den dagen du ikkje klarar det sjølv. Framtidsfullmakta er ein privat ordning der du sjølv har ansvaret for fullmakta, som du kan skreddarsy etter eige behov. Du kan mellom anna bestemme at fullmektigen skal selge fast eigedom eller dele ut forskot på arv. Har du ikkje skreve ei framtidsfullmakt, vil du som regel få oppnemnt ein verge.

 

  • Ei vedvarende fullmakt er ei vanleg fullmakt som glir over til å bli ei framtidsfullmakt.

 

  • Vergemål er ein offentlig hjelpeordning som er aktuell dersom du har behov for hjelp til å ivareta eigne interesser og det ikkje finnast andre løysningar som dekkar behovet ditt, som legalfullmakt eller framtidsfullmakt. Statsforvaltaren fører tilsyn med verga, og verga må forhalde seg til vergemålslova sine reglar. Vergen må søke statsforvaltaren om godkjenning til å gjere større disposisjonar, som å dele ut forskot på arv og selge fast eigedom.