Eigedomsskatt

Hyllestad kommunestyre har gjort vedtak om at det skal skrivast ut eigedomsskatt på alle bustadeigedomar, fritidseigedomar, tomter og næringseigedomar i kommunen.  

Eigedomsskattesetel

Dersom du skal betale eigedomsskatt for din eigedom, får du ein skattesetel med informasjon om takst og kva du skal betale i skatt.  Eigedomssetelen vert hovudsakleg sendt til di digitale postkasse.  Har du reservert deg mot digital post frå det offentlege, får du den på papir.  Verksemder får setelen i Altinn.

Setelen vert sendt ut i slutten av februar kvart år.

Betalingsterminar

Faktura for eigedomsskatt og kommunale avgifter betaler du fire gangar i året. 

Dersom ein eigedom har fleire eigarar, eller det skjer eit eigarskifte i løpet av året, må eigarane bli samde seg imellom om korleis de vil fordele kommunale avgifter og eigedomsskatt.  Det er  grunneigar/ festar som er ansvarleg for betaling av eigedomsskatten.

Widget - sjå faktura

Slik bereknar vi eigedomsskatten

Det er Lov om eigedomsskatt som er grunnlag for korleis vi bereknar eigedomsskatten.  Lova seier at eigedomen sin takstverdi skal settast til det beløpet som eigedomen kan antakast å kunne omsettast for ved fritt sal. 

Kommunestyret har vedteke at 70 % av denne taksten skal beskattast med fire promille for bustad- og fritidseigedomar.  Eigedomsskatten elles (t.d. for verk og bruk, næring,, ubebygde tomter tomter) er fastsett til sju promille.

Taksten er sett etter at alle eigedomar med bygg er synfart i samband med hovudtakseringa, i tråd med rammer, lov og retningsliner for taksering (PDF, 3 MB) og vedteken av sakkyndig nemnd.

Fritak frå eigedomsskatt

Enkelte eigedomar skal ha heilt eller delvis fritak frå eigedomsskatt.  Eigar/festar som meiner dei skulle hatt fritak, men ikkje har fått det, kan søkje om fritak.

Du sender ein søknad til postmottak@hyllestad.kommune.no eller Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad, med informasjon om kva eigedom det gjeld og grunngjeving.

Du finn meir informasjon om fritaksgrunnar i eigedomsskattelova.

Klage på fastsett takst

Det er mogleg å klage på den fastsette taksten for din eigedom.  Klagefristen er seks veker etter at skattelista for skatteåret er kunngjort innan 1. mars kvart år.  Det er ikkje høve til å klage på same grunnlag fleire gonger.

Dersom det er faktafeil som skal korrigerast kan du ta kontakt, så vert dette justert fortløpande.

Rammer og retningsliner

Eigedomsskattelova
Skattelister for eigedomsskatt 2022 (PDF, 4 MB)
Retningsliner for taksering av eigedomar for eigedomsskatt, vedteke 2020 (PDF, 3 MB)

Gaute Lundeland
Kommunalsjef
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 29
Hyllestad kommune, ekspedisjonen
Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad
E-post
Telefon 57 78 95 00