Arealoverføring

Overføring av større areal mellom eigedomar, som ikkje kan overførast som grensejustering, kan gjennomførast som ei arealoverføring.

Kva er arealoverføring?

Arealoverføring er å overføre areal mellom eigedommar som har felles grense. Arealoverføring blir brukt når arealet som skal overførast er meir enn 5 % av den minste eigedommen. Det krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova. 

Arealoverføring er deling av grunneigedom. Arealoverføring er ei deling av grunneigedom, der deling, overskøyting, og samanslåing skjer i same sak. Det vert ikkje oppretta eit nytt bruksnummer på arealet slik som ved vanleg deling. Dersom du får godkjent søknad blir saka sendt til oppmåling for vidare gjennomføring.

Kven kan søke?

Det er eigarane (heimelshavar) av eigedomen som kan søke om arealoverføring. Det er same vilkår som for deling av grunneigedom. Dersom du signerer søknad på vegne av eigar, må du legge ved fullmakt.

Her finn du oversikt over søknadsprosessen for arealoverføring:

Oppmåling

Når løyve til arealoverføring er gjeve vert saka overlevert til oppmåling, og du vert kontakta av oppmålingsansvarleg i kommunen. De vil sidan få skriftleg varsel omlag 14 dagar før oppmålinga. Oppmåling må gjennomførast innan 3 år frå delingsløyve er gjeve. 

For meir informasjon, sjå eiga side om oppmåling av eigedom:

Oppmåling av eigedom

David Ingebrigtsen
Fagleiar byggesak og oppmåling
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 38