Dispensasjon

Kva er dispensasjon og korleis søke om det?

Dersom du vil bygge eller føre opp noko som er i strid med lov, forskrift eller plan, må du søke om dispensasjon. Kommunen kan gje varig eller mellombels dispensasjon frå føresegner gjeve i eller i medhald av plan- og bygningslova § 19-2. Vilkåra for å gje dispensasjon er:

  • Omsyna bak føresegna det blir søkt dispensasjon frå kan ikkje bli satt vesentleg til sides 
  • I tillegg må fordelane ved å gje dispensasjon vere klart større enn ulempene 

Det er søkar sitt ansvar å grunngje kvifor kommunen skal gje dispensasjon.

Kommunen kan ikkje gje dispensasjon frå reglane om sakshandsaming. Du kan heller ikkje få svar på utfallet av ein dispensasjon før den er handsama av kommunen.

Er du i tvil om det du skal bygge krev dispensasjon? Send oss gjerne ein skriftleg førespurnad til postmottak@hyllestad.kommune.no 

Søknadskjema

Digital - Søknad om dispensasjon

Papir - Søknad om dispensasjon