Melding om skifte av eldstad

Du treng ikkje søke til kommunen om å skifte ut eldstaden din, men for å sikre at feiaren har oversikt over fyringsanlegga er det viktig at du melder endringar.

Meld frå om skifte av eldstad

Når du har montert ny eldstad lyt du melde i frå til kommunen. Her finn du skjema for å melde i frå om skifte av eldstad.

Skjema for melding om skifte av eldstad  (PDF, 174 kB)

Fyll ut skjema og send til: 

Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad
E-post: postmottak@hyllestad.kommune.no


Det er eigar som har ansvaret for å melde dette til oss, sjølv om du kanskje har hatt firma til å utføre jobben. Hugs at dersom du fjernar ein eldstad og ikkje monterar ny, må hol etter røykrør tettast på forsvarleg måte for å ivareta brannsikkerheita. 

Feiaren kan gi pålegg om retting

Det er ingen formelle krav til dei som monterer eldstad, men vi oppmodar alle til å bruke kyndige fagfolk. Feiaren skal under feiing og tilsyn vurdere tilhøve ved fyringsanlegg og har mynde til å gje pålegg om retting der det er nødvendig. 

Skorstein

Skal du føre opp ny eller rehabilitere eldre skorstein? Hugs at dette er søknadspliktig, med krav om ansvarlege føretak. 

Har du spørsmål ta kontakt med feiaren

Feiar, Morten Flaterås, tlf: 48 15 11 60

Forskrift

Forskrift om brannforebygging