Bygge sjølv utan fagfolk

Kva byggearbeid kan du søkje om sjølv?

Det finst nokre mindre byggearbeid du som tiltakshavar kan søkje om sjølv. Søknad utan ansvarsrett. Det betyr at du kan bygge, endre eller rive utan at du treng å bruke snikkar, murar og andre fagpersonar eller ansvarlege føretak.

Du kan sjølv velje om du vil ta ansvar for å søke, prosjektere og utføre desse byggearbeida. Det kan for eksempel vere å bygge garasje, bod, terasse, levegg, gjerde eller støttemur. Du er sjølv ansvarleg for at det som blir bygd er i samsvar med plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrift, arealplan og andre løyver. 

På denne sida vil du finne informasjon om å søke sjølv.