Utskriving av eigedomsskatt 2024

Med bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2024, og med heimel i eigedomsskattelova § 15 og Hyllestad kommune sine eigedomsskattevedtekter § 6-3, leggast eigedomsskattelistene ut til offentleg ettersyn i tre veker, f.o.m. 23.02.2024.

Eigedomsskatt 2024

Eigedomsskattelister 2024 - Hyllestad kommune (PDF, 359 kB)

Skattelistene leggast ut i papirversjon i resepsjonen på kommunehuset og her på våre nettsider frå og med 23.02.2024 til 15.03.2024.

Skattelistene syner dei skattepliktige eigedomane med tilhøyrande takst, skattesats og utrekna eigedomsskattebeløp.

Fakturering

Eigedomsskatt vert fakturert saman med andre kommunale avgifter, i fire terminar.

Klage på utskriving av eigedomsskatt

Eigar kan klage på grunnlag for eigedomsskatt kvart år dersom det ikkje har vore klaga på same grunnlag tidlegare år. Dette fylgjer av eigedomsskattelova § 19.

  • Klagefristen er 6 veker etter at eigedomsskattelistene er lagt ut til offentleg ettersyn og skattesetelen er sendt til deg. Vedlagt klagen bør det ligge dokumentasjon over forhold du meiner er grunnlaget for klagen. Det vert sett ein endeleg klagefrist til 05.04.2024.
  • Sjølv om du klagar må skatten betalast til forfall. Ved medhald av klagen, vil eventuelt for mykje innbetalt bli tilbakeført til deg.

 

Klage på grunnlag for eigedomsskatt må sendast skriftleg innan seks veker til postmottak@hyllestad.kommune.no eller til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad.

Eventuelle spørsmål kan rettast til Hyllestad kommune ved Samfunnsutvikling og teknisk drift på telefon 57789529 eller e-post til gaute.lundeland@hyllestad.kommune.no.

Gaute Lundeland
Kommunalsjef
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 29