Norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Hyllestad opplæringssenter tilbyr opplæring som er særskilt retta mot vaksne med mål om personleg utvikling, kvalifisering for arbeidslivet eller vidare skulegang.

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for framandspråklege

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap skal hjelpe innvandrarar, flyktningar og asylsøkarar på vegen til ei fullverdig deltaking i norsk samfunns- og arbeidsliv.

Mange innvandrarar må gjennomføre opplæring i norsk og samfunnskunnskap. 
Nokre får opplæringa gratis, medan andre må betale.
Det er kommunen som skal gi tilbod om opplæring.

Alder og type opphaldsløyve avgjer om den enkelte er i målgruppa for opplæring i norsk og samfunnskunnskap. 

IMDi har informasjon om kven som har rett og/eller plikt til norskopplæring

Kva betyr rett og plikt til opplæring?

Rett betyr at ein har rett på gratis opplæring etter læreplanen fastsett av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Denne retten fell vekk dersom du ikkje har gjennomført opplæringa innan tre år. 18 månader dersom du har utdanning tilsvarande norsk vidaregåande opplæring. Etter det må du betale sjølv.

Plikt betyr at ein må ha gjennomført opplæringa for å kunne søkje permanent opphald eller statsborgarskap.

Søk om plass i vaksenopplæringa 

Pris for tenesta

Tenesta er gratis for personar mellom 18 – 67 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve, bortsett frå for arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira. Dei må betale for opplæringa. Frå 01.01.2025 er prisen 50 kroner pr. time.

Prøvar

Norskprøve
Avsluttande prøve i norsk måler norskkunnskap skriftleg og munnleg frå skildringane i det felles europeiske rammeverket for språk: 

Avsluttande prøve i norsk er obligatorisk for personar med rett og plikt iht.  Integreringslova/ introduksjonslova.  Det blir stilt krav til resultat på norskprøve for å få permanent opphaldsløyve og statsborgarskap.

Vi arrangerer offisielle prøver to gongar i året, ein om våren og ein om vinteren,  etter fastsette datoar for Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. 

Prøve i samfunnskunnskap
Personar med rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter integreringslova/ introduksjonslova, med første opphaldsløyve frå 01.09.2013, må dokumentere kunnskapar om samfunnet for å søkje om permanent opphaldsløyve.

Du kan ta denne prøven gjennom heile året. 

Statsborgarskapsprøve
Er du mellom 18 og 67 år, må du som hovudregel ha gjennomført godkjent opplæring i norsk og samfunnskunnskap og ha bestått prøvar i norsk og samfunnskunnskap før du kan bli norsk statsborgar.  
Du kan ta denne prøven gjennom heile året.

Informasjon om kva reglar som gjeld for statsborgarskap finn du på UDI sine sider

Ta kontakt med oss på epost eller telefon, så hjelper vi deg med å finne ut kva du treng.

Prisar for prøvar

  • Norskprøven – alle tre delprøvane           kr. 800,-
  • Norsk skriftleg – pr. delprøve                    kr. 400,-
  • Norsk munnleg                                          kr. 800,-


Deltakarar i introduksjonsprogram får prøvane gratis.

  • Samfunnskunnskapsprøve                          kr. 500
  • Statsborgarskapsprøve                                kr. 500,-

 

Her finn du meir informasjon:

https://hkdir.no/voksenopplaering

https://enovate.no/voxdemo/norskproven/

 

Har du spørsmål om vidaregåande opplæring for vaksne?

Dette kan ikkje Hyllestad opplæringssenter hjelpe deg med – men vårt tips er å sjekke dette: 

Lærarar i vaksenopplæringa

Siv Fristad

Liv Irene Systad

Tanja Kvellestad Akse

Nyttige lenkjer

IMDi om opplæring i norsk og samfunnskunnskap
Læreplanar i vaksenopplæringa - Utdanningsdirektoratet
Læreplan i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar - Kunnskapsdepartementet

Hildegunn Hatlem
Kommunalsjef
Oppvekst, kultur og idrett
E-post
Telefon 57 78 95 03
Mobil 95 88 99 97