Grunnskule for vaksne

Treng du grunnskuleopplæring, er over opplæringspliktig alder (6-16 år) - då kan du ha rett til slik opplæring.

Førebuande opplæring for vaksne (FOV) – grunnskuleopplæring

For å ha rett til grunnskuleopplæring for vaksne må du oppfylle fire vilkår:

  • Vere over opplæringspliktig alder (over 16 år)
  • Ikkje ha rett til vidaregåande opplæring etter opplæringlova §5-1
  • Ha lovleg opphald i Noreg
  • Trenge grunnskuleopplæring
     

Vaksne kan ha behov for grunnskuleopplæring i heile fag, delar av fag eller berre i grunnleggjande ferdigheiter. Grunnskuleopplæring for vaksne er gratis og skal tilpassast den enkelte sitt behov. Dei fleste brukar 1 – 3 år på grunnskule. Ein kan avslutte med munnleg og skriftleg grunnskuleeksamen etter 10.trinn og få vitnemål som kvalifiserer til vidaregåande opplæring. Ein kan og avslutte før eksamen er gjennomført, og få eit kompetansebevis.

Det kan vere mange årsaker til at vasken treng grunnskuleopplæring. Nokre har ikkje fått fullverdig grunnskule der dei vaks opp, nokre treng ny opplæring på grunn av sjukdom eller skade, og nokre treng betre grunnleggjande ferdigheiter for å kunne utdanne seg eller få jobb.

Realkompetansevurdering

Realkompetanse er kunnskapar og ferdigheiter som ein person har skaffa seg gjennom utdanning, arbeid, frivillig arbeid, organisasjonsarbeid, fritidsaktivitetar eller liknande. 
Enkelte vaksne har ikkje fullført ti år grunnskule. Andre har gjennomført grunnskule, men manglar dokumentasjon. Ein vaksen som manglar dokumentert grunnskuleopplæring, kan få vurdert sin realkompetanse. 
Ein kan få realkompetansevurdering i faga norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag. Ein blir vurdert etter måla for 10.trinn i gjeldande læreplan (LK – 20).

Kandidatar som oppnår godkjent realkompetanse i faga norsk, engelsk, matematikk , naturfag og samfunnsfag vil få vitnemål frå grunnskuleopplæring og rett til vidaregåande opplæring. Er berre enkelte fag bestått, får kandidaten eit kompetansebevis som ikkje gir rett til vidaregåande opplæring.

Hyllestad opplæringssenter kan bistå med gjennomføring av realkompetansevurdering på grunnskulenivå i samarbeid med rettleiar frå Flyktningetenesta.

Reglar for rett til grunnskuleopplæring for vaksne

For å ha rett til slik opplæring må du:

  • vere over opplæringspliktig alder (16 år)
  • ikkje ha rett til vidaregåande opplæring
  • ha lovleg opphald i Noreg
  • ha behov for grunnskuleopplæring

Retten til grunnskule for vaksne gjeld òg for dei som har fullført grunnskulen, men som likevel treng meir opplæring.  Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga som ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskuleopplæring for vaksne.  Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte eleven.

Innhaldet i opplæringa

Grunnskuleopplæringa skal gje kompetanse til å gå på vidaregåande skule.

Vaksenopplæringa kan leggja til rette for ulike kurs innan arbeidsretta norskopplæring, og kan bistå med gjennomføring av realkompetansevurdering på grunnskulenivå i samarbeid med karriererettleiar.

Vaksenopplæringa legg vekt på eit trygt læringsmiljø der den einskilde får best mogleg læring ut i frå eigne føresetnader.  Alle elevar har krav på å bli sett, forstått og likeverdig behandla.  Mange elevane kjem frå andre plassar  i verda og vi er audmjuke for den omstillinga dei går gjennom.

Skuleåret og søknadsfrist

Vaksenopplæringa føl vanleg skulerute, med oppstart i august og avslutning i juni året etter.
Det er undervisning måndagar til og med torsdagar klokka 09.00 - 14.30.

Vi tek inn elevar etter kvar som ein søkjer og får tildelt plass, så ingen søknadsfrist.

Undervisninga føregår i Hyllestadhallen, Lifjordvegen 6, 6957 Hyllestad.

 

Søk grunnskuleopplæring for vaksne 

Hildegunn Hatlem
Kommunalsjef
Oppvekst, kultur og idrett
E-post
Telefon 57 78 95 03
Mobil 95 88 99 97