Skulehelsetenesta

Alle elevar i grunnskule og vidaregåande skule har rett på skulehelseteneste. Skulehelsetenesta i Hyllestad kommune omfattar elevar i grunnskulen frå 1.-10. klasse.

Skulehelsetenesta er eit lågterskel tilbod som tilseier at det skal vere låg terskel for å ta kontakt, både for elevar, føresette og lærarar. Det kan vere problem knytt til trivsel på skulen, fråvær, mat, fysisk aktivitet, meistringsstrategiar, sinne, engstelse med meir.

Tilbodet er gratis og tilsette har teieplikt.

Helsesjukepleiar har fast kontortid på Hyllestad skule:

Signe Bjorøy, Tysdagar frå kl. 09:20-14:00. Tlf: 577 89512/ 458 78 178

Signe Bjorøy
Leiande helsesjukepleiar
E-post
Telefon 57 78 95 12
Mobil 45 87 81 78