Reglar for orden og åtferd ved Hyllestad skule
Skulen sin visjon: Gjere for å lære – saman i trivsel og tryggleik!
Skulereglar for grunnskulen i Hyllestad
Heimel: Fastsett av kommunestyret i Hyllestad kommune den 13.06.2024 med heimel i lov 9.juni 2023 nr. 30 om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa, opplæringslova §§ 10-7 og 13-1.
I Innleiing
§ 1 - Heimel
Med bakgrunn i ny opplæringslov har skuleeigar fastsett forskrift om felles reglement for skulereglar for grunnskulen i Hyllestad jmfr. §§ 10-7, 12 og 13.
§ 2 - Føremål
Reglementet skal sikre at skulen har eit arbeids -og læringsmiljø som fremjar toleranse, samarbeid, respekt, trivsel, fagleg konsentrasjon, ro og orden. I tillegg til felles forskrift for skulen, skal ein også sikre at skulen har rutinar og prosedyrar for å sikre eit godt læringsmiljø og elevane sitt psykososiale skulemiljø (jf. Oppl.l. kap. 12).
§ 3 – Verkeområde
Skulereglane gjeld for skulen i kommunen. Reglementet gjeld i den tida skulen har ansvaret for elevane, her; i opningstida til skulen inkludert skulevegen, sfo og leksehjelp. Dei gjeld både på og utanfor skulen sitt område dersom elevane har undervisning andre stader enn på skulen sitt område. Reglane gjeld også for leirskule, ekskursjonar, skulearrangement utanom skuletida og skuleturar. Reglementet kan også verte gjort gjeldande på tidspunkt når skulen ikkje har ansvaret for elevane, gjeve at framferda til elevane har tilstrekkeleg tilknyting til skulen.
II Skulereglar
§ 4 – Rettar
Som elev har du rett på:
- å verte handsama på ein real måte i skuletida og på veg til og frå skulen
- at andre syner og møter deg med respekt og let eigendelane dine vere i fred
- å vere fri for fysisk, psykisk, verbal og digital plaging/mobbing/krenking/ trakassering
- at du får eit trygt og godt lærings- og skulemiljø
- at tilsette grip inn og reagerer ved brot på god framferd eller farlege hendingar
§ 5 - Plikter
Som elev har du plikt til å:
- følgje vanlege reglar i samfunnet og vise god folkeskikk
- møte andre med respekt og omsyn
- syne respekt og la andre og skulen sine eigendelar vere i fred (sekk, klede, mat og liknande).
- ikkje plage, mobbe, krenkje eller trakassere nokon, korkje fysisk, psykisk, verbalt eller digitalt
- arbeide for eit godt lærings- og skulemiljø
- følgje kommunale og lokale reglement.
- Skulen er lærings- og arbeidsplass for mange menneske, barn, unge og vaksne, som saman har ansvar for å medverke til at både elevar og tilsette har eit godt arbeidsmiljø.
§ 6 - Reglar for god orden
For å oppnå vurderinga god i orden må eleven ut i frå sine føresetnader:
- møte førebudd og presis til undervisning og avtalar
- ha orden i utstyr og læremiddel
- ha med nødvendig læremiddel og utstyr
- gjere forventa arbeid til rett tid
§ 7 - Reglar for god åtferd
For å oppnå vurderinga god i åtferd må eleven ut i frå sine føresetnader:
- vise omsyn og respekt for andre uansett kjønn, nasjonalitet, religion, livssyn, seksuell orientering m.m.
- ha respekt for skulen og andre sine eigedelar
- møte medelevar og skulen sine tilsette med respekt
- halde arbeidsro i undervisning
- rette seg etter beskjedar og meldingar frå skulen sine tilsette
Det er ikkje tillate å:
- mobbe, trakassere eller på andre måtar krenke andre fysisk, verbalt eller digitalt
- vere påverka av, bruke, oppbevare eller selje rusmiddel på skulen sitt område
- ha med farlege gjenstandar eller våpen på skulen sitt område
- forlate skulen sitt område utan avtale med tilsette
Framferd som ikkje skal aksepterast:
- krenking, stygg munnbruk, trakassering, rasisme, diskriminering eller mobbing.
- trussel om eller bruk av fysisk og psykisk vald og digital mobbing
- fusk og plagiat, eller forsøk på dette.
- ha med, bruke, eller vere påverka av alkohol, narkotika eller andre rusmidlar.
- bruk av tobakk, snus eller energidrikk /anna næringsmat/-middel som ikkje er anbefalt for aldersgruppa i skuletida, eller når skulen har tilsynsansvar.
- ha med/ete snop i skuletida(unntak ved spesielle dagar/tentamen/eksamen etter avtale med faglærar/kontaktlærar).
- ha med eller bruke farlege gjenstandar utan løyve frå skulen.
- bruke plagg som heilt eller delvis dekker til ansiktet.
§ 8 - Særreglar for ungdomstrinnet
- Frå og med 8. klasse kan eleven på førehand sjølv varsle eller gjere avtale med faglærar om grunngjeve, manglande førebuing eller heimearbeid og avtale evt. utsetjingar av fristar. Oppfølging med føresette vert gjort ved hyppige avtalar eller anna som gjev bekymring.
- Bruk av tyggis frå og med 8. klasse, dersom bruken ikkje uroar undervisning eller forsøplar skulen sitt område.
§ 9 – IKT/Bruk av elektroniske hjelpemiddel
- IKT-utstyr og programvarer som vert brukte i skuletida, skal berre brukast til skulerelaterte oppgåver.
- privat IKT-utstyr som mobiltelefon, smartklokke, nettbrett, berbare datamaskiner og liknande, skal berre brukast etter avtale med skulen.
- publisering av innhald på nett og kommunikasjon gjennom kommunen sitt IKT- utstyr, skal ikkje innehalde tekst, bilde, lyd eller video som kan verke støytande eller henge ut enkeltpersonar eller grupper.
- publisering av bilete, lyd og video på nett krev samtykke frå dei som vert eksponerte, eller føresette dersom dei som vert eksponerte er under 13 år).
- elevane kan ikkje installere privat programvare på kommunalt utstyr.
- brukarnamn og passord er privat og skal berre brukast av den aktuelle eleven.
- brot på regelverket vil føre til tiltak frå skulen.
- vise nettvett og følge skulen sine reglar for bruk og oppbevaring av mobiltelefon, data- og digitalt utstyr
- følgje IKT-reglement, samt skulen sine reglar for bruk og oppbevaring av utstyr
- mobiltelefon og smartklokke skal leggast på tilvist plass/mobilhotell ved start av skuledagen. Mobiltelefon og smartklokke kan berre hentast frå tilvist plass/mobilhotell etter avtale med tilsett på skulen, eller på slutten av skuledagen.
- ta ansvar for privat elektronisk utstyr som du vel å ta med seg i skuletida, eller i tid arrangert av skulen. Dersom du tek med deg slikt utstyr til skulen/opplegg i skulen sin regi, er det på eige ansvar og skulen er ikkje erstatningspliktig ved uhell, skade eller om det forsvinn.
§ 10 - Tiltak ved brot på reglane for orden og åtferd
- Munnleg rettleiing frå tilsette
- Skriftleg merknad frå tilsette
- Munnleg rettleiing frå rektor/skuleleiar
- Inndra rusmidlar, farlege gjenstandar og utstyr som forstyrrar undervisninga.
- Skriftleg melding til foreldre/føresette.
- Pålegg om å utføre oppgåver før eller etter skuletid, ev. friminutt for å rette oppskadar eller tilhøve eleven er ansvarleg for.
- Skulen kan og vurdere mekling i regi av konfliktrådet.
- Bortvising frå undervisning for enkelttimar, enkeltarrangement eller resten av dagen(Oppl.l. §13-1).
- Bortvising i inntil tre dagar. (8.-10. kl.) (Oppl.l. § 13-1 )
- Mellombels eller permanent byte av klasse/gruppe. (jfr. Skriv KD 26.04.18.)
- Mellombels eller permanent byte av skule. (Oppl.lova § 13-2)
Eleven pliktar å rette seg etter pålagde tiltak. Dersom eleven ikkje gjer dette, kan det føre til nye tiltak.
§ 11 - Vurdering av orden og åtferda til eleven
Skulereglane, og korleis den enkelte elev rettar seg etter desse, er grunnlaget for vurdering av eleven sin orden og åtferd, jamfør forskrift til opplæringslova §9-2.
Vurdering i orden og åtferd skal gjerast ut frå Skulereglane i denne forskrifta. Eleven sin orden og åtferd kan ikkje fastsettast ut frå anna vurderingsgrunnlag enn dette.
Karakter i orden eller åtferd vil, som eit hovudprinsipp, verte sett ned ved gjentekne brot på ein eller fleire skulereglar. Karakterane kan også settast ned ved enkelthendingar om det gjeld særleg grove brot på reglementet.
§ 12 - Ugyldig fråvær/vald/ulovlege gjenstandar/skadeverk/fusk/vurdering:
Dersom det hender at ein elev ofte kjem for seint, eller er borte frå skulen utan at føresette har informert skulen, skal heimen kontaktast for å få klarlagt årsak til forseintkoming eller fråvær. Tiltaka som blir sette i verk, må sjåast i samanheng med årsak til, og kor ofte eleven kjem for seint, eller har ulovleg/ugyldig fråvær. Sjå også skulen sitt eige reglement ved for høgt skulefråvær.
Føresette skal involverast når fråvær eller forseintkoming går ut over eleven si læring, eller forstyrrar klassen sin læringssituasjon. Føresette skal informerast om ansvaret dei har for eleven sitt frammøte til undervisning etter opplæringslova § 2-1.
Krenking og vald:
Krenking som mobbing, vald, diskriminering, trakassering og liknande vert ikkje akseptert. Skulen har ein plan for eit trygt og godt skulemiljø. Elevar som truar med vald eller utøver vald kan visast bort frå undervisning/skule.
Farlege og ulovlege gjenstandar:
Det er ikkje lov å ta med seg gjenstandar til skulen/opplegg i regi av skulen, som kan nyttast til å skade nokon, eller gjere skadeverk. Ved undervisning der våpen eller knivar inngår kan det avtalast at elevar har det med til skulen. Dette vil typisk vere ved undervisning i jegerprøve eller at ein klasse skal ha med kniv i samband med undervisning i sløyd, naturen etc. Dette er i så fall avtala mellom tilsett og føresette. Det er forbode å nytte, oppbevare, omsette eller vere i eigarskap av tobakk, snus, alkohol, narkotika eller andre rusmiddel.
Ved mistanke om at elev har med seg farlege, ulovlege gjenstandar eller rusmiddel, kan skulen si leiing gjere undersøkingar i garderobe-/ oppbevaringsskap som eleven disponerer. I slike tilfelle kan skulen si leiing òg be eleven sine føresette om skriftleg løyve til å gjere utvendig kontroll av eleven sine eigendelar i lommer, i klede , sekkar eller baggar. Om mogeleg skal eleven sine føresette få høve til å vere til stades ved ein eventuell kontroll. Farlege og ulovlege gjenstandar kan beslagleggast av skulen.
Ulovlege gjenstandar skal leverast til politiet. Andre beslaglagde gjenstandar vert leverte til eleven sine føresette etter skuletid.
Skadeverk:
Elevar, som utøver skadeverk, kan bli pålagde å rydde opp etter seg og rette opp skaden dersom eleven kan klare det. Oppryddinga vil vere i ei form eleven har føresetnad for å klare, og arbeidet må vere avpassa skaden eller tapet. Foreldre/føresette kan verte erstatningsansvarlege for skade, hærverk eller tap av skulen sin eigendom og utstyr, jf. Skadeerstatningslova.
Fusk eller forsøk på dette:
Fusk eller forsøk på fusk kan få konsekvensar for vurdering/karakter i åtferd. Har eleven fuska i ein prøvesituasjon, vert eleven konfrontert og faglærar gjennomfører samtale med eleven. Eleven har alltid uttalerett. Eleven får munnleg åtvaring etter første gong og ikkje karakter på arbeidet. Ved gjentaking av fusk vert foreldra varsla. Elevar på ungdomstrinnet skal varslast dersom dei ligg i fare for å ikkje få terminkarakter.
Eksamen i eit fag kan annullerast dersom eleven har fuska eller prøvd å fuske på eksamen. Spørsmålet om annullering av eksamen i faget, skal avgjerast av rektor. Vedtak om annullering av eksamen kan klagast inn til Statsforvaltaren i Vestland. Eleven har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen.
§ 13 - Politimelding
Alvorlege hendingar og skadeverk vil bli meldt til politiet.
§ 14 - Erstatningsansvar
Ved skadeverk på skulen sin eigedom kan elev og/eller foreldre/føresette verte erstatningsansvarlege. Det same gjeld ved tap av undervisningsmateriell.
(Skadeerstatningslova § 1.1 og 1.2.) https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1969-06-13-26
§ 15 - Sakshandsaming ved bruk av tiltak
- skulen skal sjå til at avgjerd vert teke på forsvarleg grunnlag.
- eleven skal ha fått høve til å forklare seg munnleg for den som tek avgjerda.
- tiltaket skal grunngjevast. Dersom avgjerda har særleg betydning, skal dette gjerast skriftleg.
- før avgjerd om bortvising, skal skulen ha vurdert bruk av andre tiltak eller hjelpetiltak.
- i alvorlege saker skal foreldre/føresette varslast så snart råd er.
Foreldre/føresette til elevar på 1.-10. trinn skal varslast før det vert sett i verk bortvising frå skulen.
Tiltaka i § 10, punkt 9(bortvising) og 11(skulebyte) i denne forskrifta er enkeltvedtak og skal handsamast i tråd med reglane for enkeltvedtak i forvaltningslova.
Gjentekne eller alvorlege brot på reglane for orden og åtferd kan medføre følgjande tiltak alt etter saka si alvorsgrad:
| Myndigheit | Heimel i oppl.l. |
Samtale med elev | Skulen sitt personale | Kap. 12 |
Munnleg melding til føresette | Skulen sitt personale | Kap. 12 |
Skriftleg melding til føresette | Skulen sitt personale | Kap. 12 |
Skriftleg åtvaring/irettesetting | Rektor | Kap. 12 |
Gjenstandar vert tatt frå elev | Skulen sitt personale | Kap. 12 |
Pålegg om oppgåver for å rette opp skade påført skulen sin eigedom | Rektor | Kap. 12 |
Oppmøte på skulen før eller etter skuletid i samband med samtaler med lærar/rektor og/eller utføring av pålagde oppgåver | Rektor | Kap. 12 |
Annullering av prøver/eksamen ved fusk eller forsøk på fusk | Rektor | Kap. 12 |
Utvising frå ei opplæringsøkt, men ikkje meir enn to klokketimar | Rektor(kan delegere til ein eller fleire av lærarane). | Kap. 13-1 |
Utvising for resten av dagen | Rektor | § 13-1 |
Utvising for inntil 3 dagar på 8.-10.trinn | Rektor | § 13-1 |
Mellombels eller permanent skulebyte | Kommunalsjef oppvekst | § 13-2 |
III Skuledemokrati
§ 16. Skuledemokrati og organisering av skuledemokrati
I Hyllestad organiserar vi skuledemokratiet slik:
- Skulen har eit elevråd valt av elevane ved skulen, jf. Opplæringslova §§ 10 -4 og 10-5
Skulen skal ha eit elevråd sett saman av elevar frå 5. -10.trinn. Det blir valt to elevar frå kvar av klassane frå 5.-10.kl. Elevrådet konstituerer seg i første møte, på hausten. Her vel dei leiar, nestleiar og sekretær. Elevrådet har eigen kontaktlærar.
2. Skulen har eit arbeidsutval av foreldre som er valt av foreldra (FAU) , jf. Opplæringslova § 10-5
Alle foreldre ved skulen er medlemmar av foreldrerådet. Foreldra i kvar klasse vel klassekontakt og vara for denne i foreldremøte ved oppstart av nytt skuleår. Klassekontakt vert representant i FAU. Rektor kallar inn alle klassekontaktar til møte slik at ein får konstituert FAU med leiar og nestleiar.
3. Skulen har eit samarbeidsutval (SU), jf. Opplæringslova § 10 - 5
Utvalet vert valt på hausten, og er eit rådgjevande organ, utan slutningsmynde for skulen. SU har rett til å uttale seg om skulereglar og lokale reglar. Samarbeidsutvalet skal vere samansett av elevar, føresette, tilsette, rektor og politisk oppnemnd medlem. Rektor er sekretær for samarbeidsutvalet.
I Hyllestad er utvalet samansett slik:
- Klassekontakt for 6.kl. og klassekontakten som er FAU-leiar. Dersom det er same person skal klassekontakt frå 9.kl. også vere med (2 stk.)
- Elevrådsrepresentantar frå 7. og 10.kl. (2 stk.)
- Rektor og 1 representant frå folkevalde (2 stk.)
- Representantar frå undervisningspersonale (2 stk.)
- Ein frå andre tilsette.
Skulen må aktivt legge til rette for elev -og føresettemedverknad. Ein del av dette er å delta i skuledemokratiet og gjennom utval ein er valt inn i. Skulen har ei aktiv rolle i å lære elevane korleis ein kan påverke. Føresette får påverke gjennom utval dei blir valt inn i. I utvala sit det også elevrepresentantar. Dei skal ikkje delta dersom det gjeld handsaming av saker som er omfatta av lovfesta teieplikt.
§ 17. Iverksetting og kunngjering
Denne forskrifta trer i kraft 01.08.24.
Skulereglane og skulen sitt årshjul for eit trygt og godt skulemiljø skal gjerast kjent for elevar, foreldre/føresette og tilsette kvart år i byrjinga av skuleåret. Forskrifta og det lokale reglementet skal til ei kvar tid vere tilgjengeleg på heimesida til Hyllestad kommune. Rektor har ansvaret for at dette vert gjort.