Prisar og betaling for barnehageplass

Frå 01.08.2025 gjeld nye prisar for foreldrebetaling. Opphald i Hyllestad barnehage kostar då kr. 700 per månad for full barnehageplass. Har du fleire born i barnehagen eller låg inntekt, kan du få ein lågare pris.

Betalingssatsar i 2025
Betalingssats Pris per månad
100 % plass 700
60 % plass 536
Kjøp av ekstra timar 75 per time
Matpengar 350 per månad
Overtidsgebyr 300 per påbyrja halvtime

 

For eit barnehageår betaler ein for 11 månader, juli er betalingsfri månad.

Matpengar

Borna har med matpakke til frukost.  Borna får lunsj, frukt og melk i barnehagen og betaler 350 kroner per månad.

Søskenmoderasjon

Det vert gitt 30 % søskenmoderasjon frå og med born nummer to.
Barnehageplass for barn nummer 3 eller fleire er gratis.

Har du låg inntekt kan du søkje om redusert betaling

Det fins to moderasjonsordningar for familiar eller hushald med låg inntekt.

 

1. Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga
Dersom maksprisen er høgare enn 6 % av den samla inntekta til hushaldet, skal du har redusert pris. Frå 1.august 2025 er denne inntektsgrensa sett til 128 333 kroner. 

 

2. Gratis kjernetid

Alle 2-3-4- og 5-åringar og born med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehagen pr. veke. 
Frå 01.08.25 er inntektsgrensa 669 050 kroner.

Ordninga med gratis kjernetid gjeld uavhengig av om barnet har deltids – eller heiltidsplass.  Det betyr at eit born med deltidsplass med rett til gratis kjernetid har krav på 20 timar gratis opphaldstid uavhengig av størrelse på plassen.

 

Her finn du meir informasjon om gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling.

 

Har du fleire born i barnehagen, får du søskenrabatt jamfør oversikta. Denne rabatten treng du  ikkje å søkje om.

 

Send søknad om redusert betaling

Du må søkje om redusert pris og gratis kjernetid kvart år, dette gjer du i same søknaden.  

Søknadsfristen er 1. august for redusert foreldrebetaling dersom det skal gjelde frå nytt barnehageår.  Vi har ikkje søknadsskjema på papir, men det er høve til å levere skriftleg søknad i barnehagen.

For å søkje må du ha eit norsk personnummer eller D-nummer.

 

 

  • Dersom du ikkje har moglegheit til å logge inn, kan du skrive ut søknadsskjema under og sende til Hyllestad barnehage.  Du må legge ved siste skattemeldinga til dei som bur saman med barnet.  Dersom inntekta ikkje er det same som står i skattemeldinga, må du legge ved dokumentasjon på dette. Ta kontakt med barnehagen dersom du ikkje kan logge deg inn i Visma, for å få utlevert søknadsskjema på papir.

 

Du kan klage om du ikkje får redusert pris

Du har rett til å klage dersom du ikkje får redusert pris. Klagefristen er tre veker etter at du har fått vedtaket. Ei eventuell klage må vere skriftleg og kan sendast til:

Hyllestad kommune
Lifjordvegen 7

6957 Hyllestad

 

Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar finn du her.

 

 

Søknadsfrist

  • For born som allereie går i barnehagen og barn med oppstart i august eller september er søknadsfristen 30. juni.
  • For born som har oppstart i andre månader er fristen seinast to veker etter oppstart.

 

Faktura for barnehageplassen

Det vert sendt ut faktura med forfall den 20. i aktuelle månaden.  

Logg inn med ID-porten for å få oversikt over fakturaer du har fått frå Hyllestad kommune.