Prisar og faktura frå Hyllestad kommune

Sjå fakturaene dine frå Hyllestad kommune

Logg inn med ID-porten for å få oversikt over fakturaer du har fått frå Hyllestad kommune
 

Forfallsdato på fakturaer

  • Kommunale eigedomsgebyr og eigedomsskatt vert fakturert fire gangar i året, mars, juni, september og desember, med forfall den 20.
  • Barnehage og sfo vert fakturert kvar månad, med forfall den 20.
  • Helse- og omsorgstenester vert fakturert kvar månad, med forfall den 20.
  • Kulturskuletenester vert fakturert to gangar per år, i juni og desember, med forfall den 20.

eFaktura

Hyllestad kommune tilbyr å betale fakturaene med eFaktura.

Du kan bruke tilsendt faktura og opprette eFaktura i nettbanken.  Fakturaen vert registrert med eFakturareferanse.  eFakturareferansen er dei åtte første siffera i KID-nummeret på fakturaen.

Du kan sjølv endre beløp og forfallsdato før du godkjenner ein faktura med kun eit klikk.  I nettbanken har du full kontroll over betalte og ubetalte fakturaer, uansett kor i verda du befinn deg.

AvtaleGiro

Hyllestad kommune tilbyr Avtalegiro, og du kan kombinere eFaktura og AvtaleGiro for betaling av fakturaer.

Fakturaen vert då trekt frå kontoen din automatisk på forfallsdato.

Treng du betalingsutsetting eller dele opp fakturaene dine?

Du kan søkje om betalingsutsetting for ein faktura.  Ver merksam på at forseinkingsrenter vil gjelde frå opprinneleg forfallsdato.  Du loggar på søknadsportalen med BankID eller ta kontakt med økonomiavdelinga om dette er aktuelt.

Betalingssatsar på kommunale tenester

Prisliste 2025 - Hyllestad kommune

Utdrag frå prislista:

Kommunale avgifter og betalingssatsar 2025
Utdrag av prislista: Pris per månad
Barnehageplass, 100 % 1 500
Barnehageplass, 60 % 900
SFO, heil plass 2.440
SFO, halv plass 1.940
Husleige Ytre Bøvegen 29 6 800
Husleige Ytre Bøvegen 25 5 665
Husleige Nedre Heggebøen 30, 32, 34 og 36 6 050
Husleige Myklebustlia 20 11 600
Husleige Myklebustlia 12 og 14 9 400
Husleige Myklebustlia 7 og 9 6 785
Husleige Nedre Heggebøen 2 og 4 8 850
Husleige Nedre Heggebøen 10 og 12 10 550
Husleige Soltun, Sørbøvåg (inkl straum) 10 900
Husleige Bøkly, Sørbøvåg 6 250
Husleige Bøkly 2-roms, Sørbøvåg 6 450
Sørvisbustad, 3-roms 9 600
Sørvisbustad, 2-roms 8 950
Sørbøtunet (inkl. straum) 10 900
Tryggleiksalarm 300 per månad
Middag + levering 113 + 42
Aktiv på dagtid 45 per gong
Tilknytingsavgift vatn (eingangsavgift) 10.000
Tilknytingsavgift kloakk (eingangsavgift) 10.000
Abonnementsgebyr vatn privat 6 563 per år
Forbruksgebyr vatn privat 39,10 (kr/m3)
Abonnementsgebyr kloakk privat 1 538 per år
Forbruksgebyr kloakk 15,13 (kr/m3)
Feie- og brannsynsgebyr 529 per år
Feie- og brannsynsgebyr fritidsbustad 185 per år
Fellingsavgift hjort, dyr eldre enn eitt år 300
Fellingsavgift hjort, kalv 100
Alle prisar er oppgitt utan m.v.a.
Elin Garnes Solås
Kommunalsjef /HR-leiar
Sentraladministrasjonen
E-post
Telefon 57 78 95 04
Mobil 90 50 79 08
Ingvill Ytredal
Økonomi og personalrådgjevar
E-post
Telefon 57 78 95 08