Borgarleg vigsel

Har du fridd og fått ja?  Du kan velje å gifte deg borgarleg med den utkåra på kommunehuset eller i Kvernsteinsparken, eventuelt andre stader etter nærare avtale med vigslar.

Vigselsseremonien er ei livssynsnøytral og rettsleg handling.  Vi har ikkje sett av datoar til giftarmål, ta kontakt med oss for å avtale nærare tid og stad.

Kva må du gjere før vigselsseremonien?

Prøvingsattest

Som brudepar vil de trenge ein prøvingsattest frå Skatteetaten.  Behandlingstida for slik attest kan vere opp mot seks veker, så ver ute i god tid.  Prøvingsattesten er gylding i fire månader, så hugs å tilpasse det slik at prøvingsattesten er gylding på den tidspunktet bryllaupet skal stå.

Bestill prøvingsattest frå Skatteetaten

Bestill tid for vigsel

Det kan vere lurt å vente med å sende ut bryllaupsinvitasjonar og leige festlokale før søknad til kommunen er handsama, og prøvingsattesten er i orden.  Så snart prøvingsattesten er i orden kan du ta kontakt med kommunen for å avtale tidspunkt for vigsel.

Det er likevel mogleg å bestille tid for vigsel før du bestiller prøvingsattest, til dømes om de planlegg bryllaup til sommaren og treng lang planlegging.

Bestill borgarleg vigsel

Hugs å legge ved prøvingsattesten, eller send denne inn til 
Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad.

Kommunen sine krav til dokumentasjon

Du kan laste opp aktuell dokumentasjon i søknadsskjemaet, og slik dokumentasjon bør vere kommunen i hende innan to veker før vigselsdagen.  Ver merksam på at vi ikkje kan garantere for vigselen før vi har fått og kontrollert prøvingsattesten.

Gyldig legitimasjon er 

  • pass (for utanlandske statsborgarar godtek vi berre gyldig pass)
  • norsk førarkort
  • norsk nasjonalt ID-kort

Legetimasjon må takast med i originalversjon på vigselsdagen.

Pris

Det er gratis med borgarleg vigsel i Hyllestad kommune.

Informasjon om seremonien

  • Brudepar og eventuelle forlovarar må møte seinast 10 minutt før avtalt tidspunkt for vigsel.  
  • Det er brudeparet sitt ansvar at det er to vitner til stades under seremonien.  Vitna må vere over 18 år og vise fram gyldig legitimasjon.
  • Vanlegvis vert vigsel gjennomført på nynorsk.
  • Formular for borgarleg vigsel vert lese opp under seremonien.
  • Brudepar, vitne og vigslar signerer vigselprotokoll.
  • Byte av ringar og eventuelle kulturinnslag (t.d. song/diktlesing) kan inkluderast i seremonien, dette bør avtalast på førehand.
  • Det vil vere høve til fotografering og filming under og etter seremonien, i samråd med brudeparet.  Ver likevel merksame på at det kan vere andre personar til stades i fellesområda på kommunehuset.
  • Brudeparet får med seg ein mellombels vigselsattest etter seremonien.  Den endelege vigselsattesten får de tilsendt frå Skatteetaten etter om lag to veker.
Gifteringar - Klikk for stort bilete Unsplash v/Sandy Millar