Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod om helsetenester til alle skuleelevar.  

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod for alle elevar ved skulen, og du treng ikkje å bestille time.  Helsesjukepleiar har teieplikt og tilbodet er gratis. 

Har barnet utfordringar med fysisk, psykisk eller sosial helse kan ein ta kontakt med skulehelsetenesta. Skulehelsetenesta kan bidra med individuelle samtalar, etablere tverrfagleg samarbeid og foreldrerettleiing. 

Aktuelle utfordringar kan til dømes vere: 

  • Vanskeleg familiesituasjon
  • Opplevd belastande livshendingar
  • Utfordringar i samspel med andre
  • Mobbing
  • Lite sosialt nettverk
  • Emosjonelle utfordringar
  • Drastisk endring i åtferd og teikn på skulevegring
  • Vi tilbyr syn- og høyrselstest ved behov.

Helsesjukepleiar

Helsesjukepleiar har treffetid på Hyllestad skule kvar måndag frå 09.00-14.00. Du treng ikkje å bestille time, døra er open for å komme innom.

Men - om ønskeleg kan du ta kontakt direkte med helsesjukepleiar per telefon eller e-post for timeavtale.

Kontoret er ved inngangen til SFO og småtrinnet. Du kan ta kontakt om små og store utfordringar; både sosiale, psykiske, fysiske og motoriske.

Plan for skulehelsetenesta i tillegg til drop-in

Nyttige lenkjer

Signe Bjorøy
Leiande helsesjukepleiar
E-post
Telefon 57 78 95 12
Mobil 45 87 81 78