Helsestasjon for ungdom

Ungdom i alderen 13-20 år er velkomen til Helsestasjon for ungdom (HFU) på helsestasjonen. 
 

Tenesta er gratis og du treng ikkje tinge time på førehand.  Men for å vere sikker på at du treff helsesjukepleiar, kan du gjerne ringe og avtale tid på førehand på telefon 57789512

Kva kan du få hjelp til?

På helsestasjon for ungdom kan du få råd og rettleiing om:

  • Rus, røyk og alkohol.
  • Seksuell helse, uønska graviditet og prevensjon.
  • Sjølvbilete og mobbing, stress og press.
  • Sjølvskading, sjølvmordsadferd og psykiske helseplager.
  • Fysisk aktivitet og kosthald.  

Om du ønskjer p-stav eller spiral, er dette noko HFU kan hjelpe deg med. HFU delar også ut kondom gratis.

Kven møter du på helsestasjon for ungdom?

  • Helsesjukepleiar og lege.
  • Jordmor, etter timeavtale for rettleiing/innlegging av prevensjon.
  • Fagpersonar på helsestasjonen. Dei gjev deg råd og rettleiing, eller dei kan vise deg vidare til fastlege eller spesialist ved behov.

Alle fagpersonane du møter på helsestasjonen har teieplikt. 

Nyttige nettstadar for ungdom:

Sex og samfunn
Ung.no
ungepårørende.no


 
 
 
 

Signe Bjorøy
Leiande helsesjukepleiar
E-post
Telefon 57 78 95 12
Mobil 45 87 81 78
Elisabeth Bjånes
Jordmor
E-post
Mobil 90 66 20 12