Helsestasjonstenester på Helsenorge
Gjennom helsenorge.no kan du sende spørsmål og få svar frå helsepersonell, sjå helsekontaktane dine, sjå og avbestille timeavtalar, samt få varsel og informasjon.
Alt dette finn du på helsenorge.no eller i Helsenorge-appen.
Slik tar du i bruk DigiHelsestasjon
For å bruke digital helsestasjon, må du logge deg inn på helsenorge.no med BankID eller tilsvarande. Ungdom over 16 år må logge inn med eigen identifikasjon. Første gang du loggar inn på helsenorge.no blir du bedt om å akseptere bruksvilkåra og samtykker til å kommunisere med dine helsekontaktar via Helsenorge. Når du har gjort dette kan du bruke kalender- og meldingsfunksjonen.
Slik gir du samtykke via helsenorge.no
For å bruke digital helsestasjon på vegne av barn
Barn og unge under 16 år kan bruke løysinga via sine foreldre. Foreldra kan sjå barna sine timeavtalar, få oversikt over vaksine og sende melding dersom det er noko dei lurer på.
For å bruke Helsenorge på vegne av barn loggar ein først inn som seg sjølv. Deretter vel ein kven ein vil sjå opplysningar for eller utføre tenester på vegne av. Ein kan bruke Helsenorge på vegne av barn under 12 år, men frå barna er 12 år er det nokre avgrensingar.
Du kan nytte denne tenesta på vegne av barna dine som er under 16 år som du har foreldreansvar for, men berre dersom minst ein av foreldra er folkeregistrert på same adresse som barnet.
> Slik representerer du andre
> Fullmakt
> Personverninnstillingar
Ungdomar over 16 år
For unge over 16 år har ikkje føresette lenger tilgang til tenester på vegne av barnet. Dei som har BankID eller tilsvarande kan sjølv logge inn og bruke tenestene.
Sjå filmen "DigiHelsestasjon - film til ungdommen" på YouTube
Ta i bruk DigiHelsestasjon
Du brukar DigiHelsestasjon ved å logge deg inn på helsenorge.no via nettlesar eller appen. Appen lastar du ned via App Store eller Google Play.