Pixabay
Hovudføremålet er å forskriftsfeste fellingsavgifta for hjort i tråd med reglane i den nye viltressurslova. Opning av jakt og minsteareal for hjort er allereie fastsette i gjeldande forskrift, men vert tekne inn i den nye forskrifta slik at reglane vert samla i éi forskrift. Høyringa gjeld ikkje endringar knytt til opning av jakt eller minsteareal.
Kommunestyret handsama saka 17. september 2026. Det vart då vedteke å utsetje saka og sende forslaget på høyring før ny politisk handsaming.
Bakgrunn
Den nye viltressurslova tok til å gjelde 1. juli 2026. Kommunen skal fastsetje opning av jakt og minsteareal i lokal forskrift. Dersom kommunen skal krevje inn fellingsavgift for elg eller hjort, må også dette fastsetjast i forskrift. Viltressurslova § 9 opnar for at kommunen kan fastsetje og krevje inn fellingsavgift innanfor rammene som er fastsette av Stortinget. Inntektene skal gå til det kommunale viltfondet.
Fellingsavgift
Kommunen foreslår å forskriftsfeste desse satsane:
- 100 kroner for hjortekalv
- 300 kroner for hjort eldre enn kalv
Dette er dei same satsane som kommunen har nytta dei siste åra.
Fellingsavgifta blir kravd inn for dyr som faktisk er felte, ikkje for tal tildelte fellingsløyve. Etter viltressurslova skal inntektene frå fellingsavgiftene gå til det kommunale viltfondet.
Viltfondet skal nyttast til viltformål. Midlane kan mellom anna nyttast til offentlege ettersøk og handtering av skadd vilt og fallvilt, tiltak som fremjar viltforvaltninga og styrkar kunnskapen om viltet, jaktorganisering og førebygging av skade på landbruksnæringa.
Hyllestad kommune arbeider samstundes med ei eiga sak om revidering av dei lokale retningslinjene for bruk av viltfondet. Fellingsavgifta og bruken av viltfondet heng derfor saman, sjølv om dei blir sende på høyring som eigne saker.
Kommunen vurderer at dagens satsar kan vidareførast. Satsane ligg vesentleg under maksimalsatsane fastsette av Stortinget og har gitt stabile inntekter til det kommunale viltfondet. Samstundes kan fondet få framtidige utgifter til mellom anna kunnskapsinnhenting, bruk av termisk utstyr, førebygging av hjorteskadar, samarbeid mellom vald og bestandsplanområde og andre tiltak innan viltforvaltninga. Kommunen vurderer derfor at dagens satsar gir ei rimeleg avveging mellom inntektsbehovet i viltfondet og belastninga for valda.
Forslag til endringsforskrift:
Forskrift om opning av jakt, fastsetjing av minsteareal og fellingsavgift for hjort, Hyllestad kommune, Vestland
Heimel:
Fastsett av Hyllestad kommunestyre [dato] med heimel i lov 20. juni 2025 nr. 102 om jakt, fangst og felling av vilt mv. (viltressurslova) § 9 fjerde ledd og § 42 første ledd, samt forskrift 8. januar 2016 nr. 12 om forvaltning av hjortevilt §§ 5 og 6.
§ 1. Opning av jakt
Det er opna for jakt på hjort i Hyllestad kommune.
§ 2. Minsteareal for hjort
Minstearealet for godkjenning av vald og tildeling av fellingsløyve for hjort er 200 dekar.
Dette gjeld i heile kommunen.
§ 3. Fellingsavgift for hjort
Det skal betalast fellingsavgift for felte dyr med følgjande satsar:
a. hjortekalv: 100 kroner
b. hjort eldre enn kalv: 300 kroner
§ 4. Iverksetjing og oppheving
Denne forskrifta gjeld frå XX.XX.2026. På same tid vert forskrift 30. november 2021 nr. 4006 om minsteareal for hjortejakt, Hyllestad kommune, Vestland, oppheva.
Status viltfond Hyllestad (XLSX, 12 kB)
Høyringsinnspel må sendast skriftleg til Hyllestad kommune innan 20. november 2026.
På e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no
Brevpost:
Hyllestad kommune
Lifjordvegen 7
6957 Hyllestad
arnt.tomas.sundli@askvoll.kommune.no