
Bakgrunn for høyringa.
Saka vart utsett i møte den 23.10.2025, for å verte sendt på høyring.
Høyringsbrev vert sendt ut den 11.11.2025 til:
Ytre Sogn og Sunnfjord Bestandsplanområde
Fjaler og Hyllestad Bondelag
Hyllestad og Fjaler Bonde- og Småbrukarlag
Hyllestad JFL
2x Storvald i Hyllestad kommune
Fristen for å kome med merknader var 23. desember 2025. Det kom ikkje inn merknader.
For å sikre at alle valda i kommunen får høve til å uttale seg, vert forslaget no sendt på ny høyring.
Kommunen er etter viltressurslova § 9 pliktig til å ha eit kommunalt viltfond. Formålet med fondet er å fremje viltforvaltninga i kommunen.
Inntektene til fondet kjem frå fellingsavgift på hjort, og midlane kan berre nyttast til viltformål. Bruken av fondet er regulert gjennom forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort.
Etter forskrifta kan fondet mellom anna nyttast til:
- tiltak som fremjar viltforvaltning og styrkar kunnskapen om viltet,
- kommunen sine kostnader til ettersøk og handtering av skadd vilt og fallvilt,
- tiltak for å førebyggje skadar på landbruk påført av hjortevilt.
Fondet kan ikkje nyttast til ordinær kommunal administrasjon, erstatning for viltskadar eller skotpremiar.
Gjeldande retningslinjer for Hyllestad kommune sitt viltfond vart vedtekne i 2016. Administrasjonen meiner det er behov for å revidere retningslinjene og foreslår at desse vert harmoniserte med dei retningslinjene som gjeld i Askvoll og Fjaler kommunar.
1. Formål
Desse retningslinene er retningsgjevande for bruken av Viltfondet, innanfor rammene i Forskrift av 15.05.2011 om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort §5.
2. Prioriterte bruksområder, i rekkefølge
a. Ettersøk
- Dekking av utgiftene til kommunale ettersøk og handtering av skada vilt / fallvilt (eigne avtalar med ettersøksringane)
- Tilskot til naudsynt utstyr/kurs til ettersøksekvipasje. Tilskot kan gjevast når ettersøksekvipasje har bestått blodsporprøve og fersksporprøve (blitt godkjent ettersøksekvipasje).
- Tilskot til innkjøp av hund vert ikkje gjeve.
b. Interkommunalt samarbeid og valdorganisering
- Moglegheit for driftstilskot til storvald over 10.000 dekar.
- Moglegheit for driftstilskot til Bestandsplanutvalet.
- Moglegheit til hjortefagleg støtte til bestandsplanutvalet.
- Deltaking i hjorteforvaltings-prosjekt.
- Deltaking i / tilskot til hjorteforskings-prosjekt. Tilskot skal primært gjevast til forskningsprosjekt som omhandlar / er innanfor arealet til bestandsplanområdet/årsleveområdet til hjorten.
c. Førebygging av viltskade på landbruksnæring
- Tilskot til oppsetting av hjortesikkert gjerde, permanent eller mellombels, for å verne eng, utandørs grovfôrlager, næringsmessig åker- og hagebruk, juletre- og pyntegrønt, og liknande, mot skade valda av hjort. Inntil 35% tilskot til inngjerding av grovfôrlager (fortrinnsvis byggegjerder – mellombels). Inntil 30% tilskot elles. Føreset tilstrekkeleg med midlar på viltfondet.
- Maksimalt tilskot for eit permanent inngjerdingsprosjekt er 100.000kr. Maksimal tilskot for byggegjerder til inngjerding av grovfôrlager er 20.000kr.
- Alle søknadar om tilskot til hjortegjerde til same grunneigedom skal sjåast i samanheng, slik at det berre blir gjeve tilskot til kortaste trase’ ved utviding av tidlegare inngjerda areal.
- Det skal stillast krav i tilskotsvedtaket om framtidig vedlikehald av gjerdet i minst 10 år etter utbetaling og eventuelt krav om tilbakebetaling, heilt eller delvis, av tilskot om vedlikehaldet er mangelfullt.
- Det skal takast omsyn til ferdselsreglane i Friluftslova §§ 2, 3 og 3a, og evt tinglyste ferdselsrettar på aktuell eigedom.
- Tilskot gjevast for godkjent kostnadsoverslag.
d. Kunnskapsarbeid
- Dekking av utgifter til fagleg rådgjeving på gruppenivå.
- Tilskot til kunnskapsarbeid gjeld kunnskap retta mot storvilt.
Viltfondet kan også brukast til andre tiltak som fell inn under Viltfondforskrifta § 5.
3. Stønadsform og –vilkår
Stønad frå viltfondet vert gjeve som tilskot.
Landbruksforvaltninga fastset tilskotsprosent på fritt grunnlag i kvar einskilde sak, men likevel slik at same tiltak same år, av same omfang og type, får likt tilskot. For hjortesikkert gjerde må ein vurdere tilskot i kvar sak.
NB. Ein får ikkje tilskot på MVA.
Utbetaling:
- Tilskot frå viltfondet vert som hovudregel utbetalt etter at tiltaket er gjennomført og kostnadar er dokumentert. Vilkår for utbetaling skal gå fram av løyvingsvedtaket. I særlege høver kan det utbetalast eit forskot på 75% av tilskotssummen, i høve til kor stor del av tiltaket som er gjennomført. Forskot kan berre utbetalast i saker der dette går fram av løyvingsvedtaket.
Arbeidsfrist og inndraging av tilskot:
- Løyvinga står ved lag i tre år med mindre anna kjem fram av løyvingsvedtaket. Det kan ikkje søkast om utsett arbeidsfrist. For fysiske tiltak som er påbyrja men ikkje fullført innan arbeidsfristen, vert det utbetalt tilskot i høve til kor stor del som er gjennomført, men berre når den gjennomførte delen har nytteverdi i seg sjølv. Resttilskot som ikkje er nytta vert automatisk inndrege tre år etter løyving. For tiltak som ikkje er påbyrja innan arbeidsfrist, vert heile tilskotet inndrege. Søkjaren kan då søkje på nytt tilskot til seinare, og tiltaket vil då verte prioritert opp mot nye tiltak.
Klagerett:
- Avslag på søknad kan klagast inn for Formannskapet. Reglane i Forvaltningslova, kap VI, gjeld for klage og endring av vedtak.
Vurdering
Administrasjonen vurderer at forslaget ligg godt innanfor rammene i viltfondforskrifta FOR-2011-05-15-537, og i hovudsak samsvarar med praksisen i fleire kommunar i regionen.
Forslaget legg opp til at fondet først og fremst skal nyttast til:
- Kommunens lovpålagde oppgåver knytt til ettersøk og fallvilt
- kunnskapsbasert hjorteviltforvaltning
- samarbeid mellom vald og bestandsplanområde
- førebygging av skadar på landbruksnæringa
Økonomiske vurderingar
Kommunen sitt viltfond har over fleire år hatt stabile og gode inntekter frå fellingsavgifter.
Etter at kvotene på hjort vart auka i 2021, har inntektene frå fellingsavgiftene auka vesentleg samanlikna med perioden 2018-2020. Dei siste åra har inntektene vore høgare enn dei årlege utgiftene, og fondet har bygd opp ein kapital.
Førebelse berekningar syner at fondet også ved ein relativt låg fellingsavgift på om lag 100 kroner for kalv og 300 kroner for vaksne dyr vil gå med eit mindre overskot.
Administrasjonen legg ved oversikt over inntekter, utgifter og fondsutvikling for perioden 2021-2025.
| Årstall | Årleg endring i viltfondet |
| 21/22 | + 10 151,- |
| 22/23 | + 34 900,- |
| 23/24 | + 46 285,- |
| 24/25 | + 51 629,- |
| %-vis av snitt | Skutt kalv | Skutt vaksendyr | Inntekt kalv | Inntekt vaksendyr | Total inntekt |
Snitt 2023-25 | 171 | 407 | 17 100 | 122 100 | 139 200 |
| | | | | | |
| 95 % | 163 | 387 | 16 300 | 116 100 | 132 400 |
| 90 % | 154 | 366 | 15 400 | 109 800 | 126 100 |
| 85 % | 146 | 346 | 14 600 | 103 800 | 118 400 |
| 80 % | 137 | 326 | 13 700 | 97 800 | 111 500 |
| 75 % | 129 | 305 | 12 900 | 91 500 | 104 400 |
| 70 % | 120 | 285 | 12 000 | 85 500 | 97 500 |
Tabellen syner snitt uttak frå treårsperioden 2023-2025.
Deretter kjem det ein %-vis nedgang, som syner scenario om det vert felt 5-30% færre hjort, kor mange kalv og vaksne dyr som blir felt og kva det har å si på inntekt til viltfondet.
Raten mellom kalv/vaksne dyr er heldt stabil, men om bestanden minkar vil truleg kalveraten auke, som gjer at det kjem mindre inn i viltfondet.
Det er lagt til grunn 100,- per kalv og 300,-. per vakse dyr.
Utgiftene for fondet har variert, men den årlege fast utgifta vil vere i underkant av 100 000,- på utgiftsida, med 10-30 K i ekstrakostnader årleg. Det vil si 110-130 K i utgift kvart år.
Kommunen vil etterstreve å ha over 200 K på viltfondskontoen, om det skulle dukke opp noko uventa, samt for å kunne handtere offentlege ettersøk, og støtte opp om den grunneigarstyrte forvaltninga. Det kan vere ei utgift i forhold til fleire påkøyrslar eller ein moglegheit om å vere med på eit forskingsprogram som kan auke kunnskap om hjorteviltet og forvaltning.
Endringar frå gjeldande retningslinjer
Framlegget inneber følgjande hovudendringar:
Ettersøk
- Det vert ikkje lenger gitt tilskot til innkjøp av ettersøkshund.
- Det kan givast tilskot til naudsynt utstyr og kurs når ettersøksekvipasjen har bestått blodsporprøve og fersksporprøve og er godkjend for ettersøk.
Interkommunalt samarbeid og valdorganisering
- Det vert opna for driftstilskot til storvald over 10 000 dekar og for driftstilskot og hjortefagleg støtte til bestandsplanutvalet.
- Tilskot til hjorteforsking skal primært gå til prosjekt som gjeld bestandsplanområdet eller årsleveområdet til hjorten.
Førebygging av viltskade
- Det kan givast inntil 35 prosent tilskot til inngjerding av utandørs grovfôrlager og inntil 30 prosent til andre hjortegjerde.
- Maksimalt tilskot vert sett til 20 000 kroner for mellombelse byggegjerde og 100 000 kroner for permanent inngjerding. Tilskot føreset at fondet har tilstrekkelege midlar.
- Søknader om hjortegjerde på same eigedom skal vurderast samla. Tilskot skal byggje på godkjent kostnadsoverslag, og det skal takast omsyn til ferdsel og tinglyste ferdselsrettar.
- Gjerdet skal haldast ved like i minst ti år. Mangelfullt vedlikehald kan føre til krav om heilt eller delvis tilbakebetaling.
- Den generelle ordninga med tilskot til andre skadeførebyggjande tiltak vert teken ut.
Kunnskapsarbeid og jegeropplæring
- Tilskot til instruktørutdanning, utstyr og andre tiltak knytte til jegeropplæringa vert teke ut som særskilt prioriterte tiltak.
- Kunnskapsarbeidet vert retta mot fagleg rådgjeving på gruppenivå og kunnskap om storvilt. Andre tiltak kan framleis få støtte dersom dei fell innanfor viltfondforskrifta § 5.
Tilskotsvilkår og sakshandsaming
- Like tiltak av same type og omfang skal få lik tilskotsprosent. Tilskot til hjortegjerde skal vurderast konkret innanfor dei fastsette satsane og maksimalbeløpa.
- Det vert ikkje gitt tilskot til meirverdiavgift.
- Reglane om årleg kunngjering og minst tre vekers søknadsfrist vert tekne ut.
Status viltfond Hyllestad (XLSX, 12 kB)
Høyringsinnspel må sendast skriftleg til Hyllestad kommune innan 20. november 2026.
På e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no
Brevpost:
Hyllestad kommune
Lifjordvegen 7
6957 Hyllestad
arnt.tomas.sundli@askvoll.kommune.no