Innbyggjarinitiativ

Ønskjer du å vere med å påverke utviklinga og framtida i kommunen?  Er du oppteken av ei politisk sak?

Hyllestad kommune er interessert i alle innspel som kan hjelpe oss å levere betre tenester.  Visste du at kommunelova har eit eige system for sikrar at forslag frå innbyggjarane vert handsama av kommunestyret i løpet av seks månader?

Kva er eit innbyggjarinitiativ?

Kommunestyret i ein kommune pliktar å handsame eit forslag frå innbyggjarane når følgjande vilkår er oppfylt:

  • Forslaget må støttast av minst 2 prosent av innbyggjarane.
  • Dei som står bak forslaget eller skriv under på ei sak, må vere busett i kommunen. Det er ikkje nærare krav om aldersgrense så dette gjeld óg personar under 18 år
  • Forslaget må gjelde kommunen si verksemd, men kan ikkje gjelde noko som allerie er handsama av kommunestyret i valperioden

Dei som står bak forslaget har ikkje krav på eit bestemt utfall på saka, men skal informerast om vedtaket som vert fatta og om tiltak som vert gjennomført som følgje av forslaget.

Slik går du fram

Forslag med underskrifter som syner at minst 2 prosent av innbyggjarane står bak forslaget kan sendast som brev til:

Hyllestad kommune
Lifjordvegen 7
6957 Hyllestad

Du kan òg sende e-post til Hyllestad postmottak.


Lovverk og nettstader

Kommunelova kap. 12 om innbyggjardeltaking

Regjeringa sin rettleiar om innbyggjarforslag

Gjermund Flage
Kommunedirektør
E-post
Telefon 57 78 95 46
Mobil 93 21 87 80
Kjell Eide
Ordførar
E-post
Telefon 57 78 95 05
Mobil 99 27 19 00