Rullering av handlingsplan for trafikktryggleik

Har du forslag til trafikktryggingstiltak på kommunale vegar, eller tiltak vi kan påverke Vestland fylkeskommune til å utføre på dei fylkeskommunale vegane?

 

 

 

 

 

 

 

I samband med den årlege rulleringa av handlingsplanen i trafikktryggingsplanen for Hyllestad kommune, ber vi om innspel frå deg med forslag om tiltak for 2026.

Tiltaksdelen i gjeldande plan er delt i førebyggande tiltak, fysiske tiltak på kommunale vegar og fysiske tiltak vi ynskjer å påverke Vestland fylkeskommune til å utføre på dei fylkeskommunale vegane.

Frist for å sende innspel til trafikktryggingsplanen for 2026 vert sett til 1. juni 2026.

Vi ber om at innspel sendast på e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no og merkast med “Innspel Trafikktryggingsplan 2026”.

Gjeldande plan for vegvedlikehald og trafikktryggleik kan lesast her.

Gaute Lundeland
Kommunalsjef samfunnsutvikling og teknisk drift
Samfunnsutvikling og teknisk drift
Telefon 57 78 95 29
Simen Solheim
Drift- og vedlikehaldsleiar
Samfunnsutvikling og teknisk drift
Telefon 57 78 95 35