Verneombod og arbeidsmiljøutval
Verneombodet skal ivareta arbeidstakarane sine interesser i saker som vedkjem arbeidsmiljøet.
Arbeidsmiljøutvalet (AMU) er eit samarbeidsutval og har som oppgåve å arbeide for å betre arbeidsmiljøet på ein arbeidsplass.
Verneombodet skal ivareta arbeidstakarane sine interesser i saker som vedkjem arbeidsmiljøet. Verneombodet skal sjå til at verksemda er innretta og vedlikehalden, og at arbeidet blir utført på ein slik måte at omsynet til arbeidstakar sin tryggleik, helse og velferd er ivaretatt. Verneombod er regulert i Arbeidsmiljøloven kapittel 6.
Etiske retningsliner for verneomboda
> Etiske retningslinene for verneomboda (PDF, 340 kB)
Arbeidsmiljøutvalet i Hyllestad kommune
Arbeidsmiljøutvalet (AMU) er eit samarbeidsutval og har som hensikt å betre arbeidsmiljøet. I AMU er det like mange representantar frå arbeidstakar- og arbeidsgjevarsida. AMU deltek i planlegging og organisering av HMS-arbeidet.
Hyllestad arbeidsmiljøutval består av 6 personar, 3 frå arbeidsgjevarsida og 3 frå arbeidstakarsida.
Leiarfunksjonen rullerer mellom "sidene" annakvart år, for 2022 og 2023 er det arbeidstakar sida som har leiarvervet v/Frøydis Hauge Folkestad.
Alle tilsette har høve til å sende inn saker til AMU, direkte til leiar i AMU eller via næraste leiar eller verneombod.
Tillitsvalde
Hyllestad kommune har fleire fagorganisasjonar, og dei som har tillitsvalde i organisasjonen er:
- Fagforbundet
- Fellesorganisasjonen (FO)
- NITO
- Norsk sjukepleiarforbund
- Utdanningsforbundet
-
Meir informasjon om kven som er tillitsvald vil du finne på dei ulike arbeidsplassane.