Om du vert sjuk

Om du vert sjuk og ikkje kan møte på jobb, så skal du ringe næraste leiar og melde frå om fråværet så snart som mogleg. 

Korttidsfråvær og eigenmelding

Er fråværet ditt innafor reglane for eigenmelding skal eigenmeldingsskjema fyllast ut og sendast første dagen du er attende i jobb.  Som tilsett i Hyllestad kommune kan du nytte 24 eigenmeldingsdagar i løpet av 12 månader (rekna frå dags dato og 12 månader attende), og for kvar periode kan du nytte maksimum 8 dagar.  Desse 8 dagane treng ikkje vere samanhengande, men vert rekna samla innforbi ein periode på 16 dagar.

Logg deg inn i Visma eller Lifecare MAP (for turnuspersonale)  og fyll ut aktuelt skjema.  Er du innvilga fritak for arbeidsgjevarperioden skal du nytte skjema for kronisk sjukdom.

OBS! Du må ha vore tilsett i 2 månader for å kunne bruke eigenmelding, dette gjeld òg ved avbrot/permisjon lenger enn 14 dagar (t.d. etter foreldrepermisjon).

Du kan ikkje bruke eigenmelding:

  • dersom du samstundes har ei gradert sjukmelding
  • har vore tilsett mindre enn to månader
  • har hatt avbrot i stilling med meir enn 14 dagar (ferie vert ikkje rekna som avbrot)
  • i forlenging av ei sjukmelding før det har gått 16 dagar
  • dersom du har nådd max-dato for sjukepengerettar
  • når du har brukt 24 eigenmeldingsdagar i løpet av dei siste 12 månadane
  • når du har brukt 8 dagar med eigenmelding innafor dei siste 16 dagane 
  • dersom eigenmeldingsskjema ikkje vert levert, kan dette medføre trekk i løn

Sjukmeld av lege - digital sjukmelding

Viktig: Arbeider du på fleire avdelingar/har fleire stillingar i kommunen må du passe på å få ei sjukmelding for kvar av stillingane du vert sjukmeldt i dersom du er fullt arbeidsufør.

  • Digital sjukmelding kan du sende via smarttelefon, nettbrett eller PC.
    Du brukar BankID, Buypass eller Commfides for å logge deg inn. Meir om digital sjukmelding finn du på nav.no
  • Du får melding på e-post og/eller SMS frå NAV når du har fått digital sjukmelding
    Gå inn på nav.no og logg deg på Ditt NAV. Følg rettleiinga, sjekk at sjukmeldinga er OK og send den vidare til arbeidsgjevar.
  • Når sjukmeldinga går mot slutten vil du få varsel på e-post og/eller SMS frå NAV om at du må sende inn krav om sjukepengar
    Gå inn på nav.no og logg deg på Ditt NAV. Følg rettleiinga og send inn krav om sjukepengar (tidlegare del D av sjukmeldinga)

Her finn du lenke til nav.no

Levere sjukmelding på papir

Om du ikkje har eller kan skaffe deg nokon av innloggingstenestene kan du ikkje nytte digital sjukmelding.  Då må du levere sjukmeldinga di på papir. Det same gjeld om den som sjukmelder deg ikkje kan bruke digital sjukmelding.

Marit Wenche Haugen Gjervik
Løn- og personalkonsulent
E-post
Telefon 57 78 95 02
Elin Garnes Solås
Kommunalsjef /HR-leiar
Sentraladministrasjonen
E-post
Telefon 57 78 95 04
Mobil 90 50 79 08