Verdsdagen for psykisk helse vart markert i Fleirbrukshuset i går.

Årets tema for verdsdagen er einsemd og utanforskap.

Kjartan Hatløy opna kvelden med høgtlesing frå Diktsamlinga Den kvite vegen frå 2016. Eirik Lundblad heldt føredrag om årets tema for verdsdagen som er einsemd og utanforskap. Eit flott program til refleksjon og ettertanke. Kvelden vart avrunda med ei sosial stund med snittar, kaffi og kaker.  Veldig kjekt at så mange tok turen!

Vi vil takke Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, MOWI og LivOGLyst Hyllestad for bidraga og godt samarbeid.

Forfattar Kjartan Hatløy les dikt for eit lydhøyrt publikum. - Klikk for stort bileteEtter innleiing av kommunedirektøren i Hyllestad, var det høgtlesing av dikt frå Kjartan Hatløy. Julie Einen
Bord dekka av kaker og snittar. - Klikk for stort bileteMykje godt å bite i. Julie Einen
Føredrag av Eirik Lundblad - publikum følgjer med. - Klikk for stort bileteEirik Lundblad prata om sitt liv og sine opplevingar. Julie Einen