Velkomen til språkkafê

Snakkar du norsk og har lyst å gjere noko sosialt og meiningsfullt? Då kan språkkafé vere eit fint tilbod – både for deg og andre. 

Språkkafé er ein uformell møteplass der vi øver på norsk gjennom samtale, spel og aktivitetar. Her møtast deltakarar frå introduksjonsprogrammet, flyktningar, frivillige frå Røde kors – og andre som har lyst å vere med.

Vi håpar fleire som snakkar norsk har lyst å ta turen. Det trengst folk å prate med, og du treng ikkje vere norsklærar – det viktigaste er å vere open, venleg og interessert i ein samtale. No e det kun to gongar med språkkafé før sommaren, så bli med!  

 

📍    Fleirbrukshuset

🕦   Fredag 16. mai og fredag 23. mai,  kl. 11.30 – 13.00

🗓️   Ingen påmelding – berre møt opp!

🆓  Gratis og ope for alle

☕️   Lett servering

 

Velkomen – vi håpar å sjå deg der! 💛