Vaksinering sesongen 2025/2026

Hyllestad kommune følger FHI sine tilrådingar for voksenvaksinasjonsprogrammet for sesongen 2025/2026. Sjå kommunen si heimeside for informasjon om vaksinering

Illustrasjonsbilde vaksine - Klikk for stort bilete Pixabay

Tilbod om vaksine mot sesong influensa (Vaksigrip) til alle som er 65 år og eldre

  • Personar i risikogruppa i alder 18 – 65 må avklare med fastlegen om vaksine mot sesong influensa er tilrådd eller ei, før ein eventuelt kan få vaksina.

 

Tilbod om vaksine mot Covid-19 til alle som er 75 år og eldre

  • Personar i risikogruppa i alder 18 – 65 må avklare med fastlegen om vaksine er tilrådd eller ei.
  • Personar i risikogruppa i alder 18 – 65 må avklare med fastlegen om vaksine mot Covid-19 er tilrådd eller ei, før ein eventuelt kan få vaksina.

 

Tilbod om vaksine mot lungebetennelse (Prevenar 20 ) til dei som er født i 1960  – altså er 65 år i år. Dette er ei vaksine som har langvarig effekt.

  • Det må ha gått minimum 1 år sidan sist vaksinering mot lungebetennelse for å kunne få denne. Er du 65 år i år og ynskjer denne vaksina, må du ta kontakt med Hyllestad legekontor for å lage ein avtale.

 

Prisar for vaksine og for eventuell samvaksinering:

  • Influensavaksine kr. 301,-
  • Covid-19 vaksine kr. 110,-
  • Lungebetennelse vaksine kr.110,- ( Gjelder kun dei som er født i 1960 )
  • Samvaksinering av influensavaksine og Covid-19 vaksine  kr. 386,-
  • Samvaksinering av influensavaksine og lungebetennelse vaksine kr. 386,-

 

Informasjon om tidspunkt og stad for vaksinering kjem seinare.

 

 

Hyllestad legekontor 18.09.2025.