Ungdomsrådet har hatt sitt første møte i denne valbolken

Ungdomsrådet i Hyllestad hadde sitt første møte i denne valbolken 13. mars 2024.

Dmitrij Savchenko er leiar for rådet, og Mari Ness Nestleiar.
I tillegg har dei med seg Lene Marie Dale, Wiktoria Dembek og Lance Arian Cadurnigara.

I møtet hadde dei oppe saker som deltaking i Fylkesting for ungdom, vedtektene for ungdomsrådet, møtekalender og transportmidlar.  Og ikkje minst - Sommargry, konsertkvelden som blir arrangert 8. juni.

Neste møte i ungdomsrådet er sett til 22. mai 2024 kl. 17.00.

Fem ungdomar som er i ungdomsrådet - Klikk for stort bileteHyllestad ungdomsråd 2024-25 Hildegunn Hatlem

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Frå v.: Lene Marie Dale, Mari Ness, Dmitrij Savchenko, Lance Arian Cadurnigara og Wiktoria Dembek.

Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett er sekretær for utvalet, og som oftast vil ordførar Kjell Eide også delta i møta.

Hildegunn Hatlem
Kommunalsjef
Oppvekst, kultur og idrett
E-post
Telefon 57 78 95 03
Mobil 95 88 99 97