Ta ansvar for naturen - bekjemp svartelista plantar på eigen eigedom!

Nokre plantar som vert brukt i hagar og på tomter, spreier seg raskt og gjer stor skade på naturen rundt oss. Desse er klassifisert som “framande artar med høg eller svært høg økologisk risiko”.

Hyllestad kommune oppmodar difor alle eigarar av tomter og eigedomar til å ta ansvar og bidra aktivt til å hindre vidare spreiing.

Kva er svartelista plantar?

Det som tidlegare vart kalla “svartelista” heiter i dag “Fremmedartsliste”.  Lista gjer ei fagleg vurdering av kor stor risiko dei ulike framande artane utgjer for naturmangfaldet i Noreg.

5-på-topp-lista for Vestlandet og Hyllestad

  • Hagelupin
  • Kanadagullris
  • Kjempespringfrø
  • Parkslirekne
  • Sitkagran

Kva kan du som grunneigar gjere?

Alle har ei generell aktsomheitsplikt, noko som betyr at vi skal gjere det vi kan for å hindre spreiing av framande artar frå eigen eigedom og naturen rundt. 

  • Ikkje kast hageavfall i naturen
  • Fjern svartelista plantar frå eigen eigedom
  • Lever plantar og planterestar som restavtall - ikkje som hageavfall eller i naturen
  • Når du plantar nytt - vel stadeigne eller låg-risiko plantar


Rett tiltak til rett tid kan hindre stor skade seinare!
 

Sitkagran - Klikk for stort bilete
Parkslirekne - Klikk for stort bilete
Hagelupin - Klikk for stort bilete
Kjempespringfrø - Klikk for stort bilete
Kanadagullris - Klikk for stort bilete

 

Geografi og klima

Artsdatabanken peikar på at økologisk risiko kan variere geografisk, og at fuktige og oseaniske område ofte gjev betre vilkår for spreiing av framande plantar. På Vestlandet bidreg særleg mykje nedbør, milde vintrar, mykje flytting av jordmassar og hageavfall i terreng til rast etablering og spreiing.

Hyllestad kommune har eit mildt, fuktig kystklima, mykje kulturlandskap, vegkantar og kystnær natur. Dette gir gode vilkår for fleire framande plantar som er vurder til høg eller særs høg økologisk risiko.

Lista ovanfor er bygd på Artsdatabanken si liste og regionale vurderingar frå Statsforvaltaren i Vestland.