Studiesenter Kysten

Heil- eller deltidsstudent? Sitt no ikkje heime – bli ein del av ditt lokale studentmiljø!

Hyllestadfjorden med blå sjø, Lihesten og blå himmel. - Klikk for stort bileteLihesten og Hyllestadfjorden i strålande solskin.

Studiesenter Kysten skal etablere eit desentralisert studiesenter på Kysten av Fjordane i Vestland og er skapt i samarbeid mellom Kommunane: Kinn, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Høyanger med utdanningshubar i alle samarbeidskommunane.

Utdanningshub’en i Hyllestad ligg i 2 etasje på Leirvik Senter. Her er det fleire fullt utstyrte kontorplassar, samt moglegheit for å booke både eige kontor og større møterom. Vi deler lokale med Akvahub, Bue Salamon, Arez m.fl. 

Her kan du treffe medstudentar, men og bedrifter som kanskje treng studentar for oppgåveskriving, praksisplass eller jobb. Du har og tilgang til fellesareal, kjøkken og toalett. Og berre 1 trapp ned ligg daglegvare butikk, frisørsalong, sjølvbetent gåvebutikk og rekneskapskontoret Accountor.

Vår kompetansekoordinator, Laila, har fastkontordag i klyngemiljøet kvar tysdag. 

I denne lenka kan du lese meir om Studiesenter Kysten.