Valdagen
På valdagen må du røyste i den kommunen du er manntalsført i. Du skal ha fått melding om kva kommune du høyrer til frå Valdirektoratet.
Vallokalet på valdagen er kommunehuset på Hyllestad, i kommunestyresalen i 4. etg. Om ein brukar inngang i h/s-bygget finn du heisen. Vallokalet er ope klokka 09:00 - 19:00.
Assistanse i vallokalet
Om du treng assistanse til å røyste kan valmedarbeidarane hjelpe deg. Du kan sjølv også velge ein annan person enn valmedarbeidar til å hjelpe deg. Alle som hjelper til med røysting har teieplikt.
Hugs gyldig legitimasjon
Du må ha med legitimasjon når du skal røyste. Møter du opp i vallokalet utan legitimasjon kan du risikere å ikkje få røyste. Døme på gyldig legitimasjon er pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digialt) eller bankkort med bilete.
Førehandsrøysting
Du kan røyste på førehand i ekspedisjonen på kommunehuset til og med fredag 5. september - 09.00 - 15.00.
Torsdag 4. september er det mogleg å førehandsrøyste fram til kl. 19.00.
Røyste heime
Velgarar som på grunn av sjukdom eller uførheit ikkje kan stemme på ein av dei ordinære førehandsrøystestadane, kan søkje om å røyste der dei oppheld seg. Om du til dømes oppheld deg på sjukehus i annan kommune, kan du førehandsrøyste i den kommunen, og røystesetelen din blir vidaresendt til Hyllestad.
Fristen for å søkje om dette er kl. 12 torsdag 4. september.