Store nyheiter for kulturskulen!

I dag fekk vi nyheita om at alle kommunestyra i Hyllestad, Askvoll og Fjaler har vedteke samanslåing av kulturskulen. 

Glad gutegjeng som sit i grønt gras og spelar på ein ukelele - Klikk for stort bilete

Det vil sei at frå januar 2024 er vi ein kulturskule som skal heite “kulturskulen i Hyllestad, Askvoll og Fjaler”. Hyllestad skal vere vertskommune.  

Dei siste 2,5 åra har vi hatt felles leiing i kulturskulane i HAF, samt felles personalmøte og utviklingsarbeid, sjølv om vi ikkje har vore formelt samanslått. Vi har hatt mykje godt samarbeid og jobba oss tettare. Kulturskulen ynskjer å vere eit kulturelt ressurssenter i kommunane og vi er sterke saman. Vi skal halde fram med den desentraliserte strukturen vi har hatt, slik at flest mogleg kan nytte tilbodet vårt.  

Pr no er vi til saman 9 tilsette og har i underkant av 400 elevplassar. Vi sel og leverer også tenester til skular, sjukeheimar, kor, korps osv. Vi har også eit godt samarbeid med mange andre aktørar.  

Dette viser godt då kulturskulen skal vere- og har vore involvert i 33 (!) arrangement siste månaden før jul, fordelt ut i heile HAF. Mange har kulturskulen sjølv arrangert, nokre har vi vore samarbeidspart i, eller hatt elevar med på.  

Kulturskulen har trua på at dette samarbeidet mellom Hyllestad, Askvoll og Fjaler er rett veg å gå for oss. 

Vi gler oss til 2024!