Arve Åsnes frå Gjensidigestiftinga delte ut sjekk til deltakarane på sommarmoro 2025.
Julie Einen / Hyllestad kommune
Målet med prosjektet er at barn og unge får gode ferieminner og forhindre utanforskap. Prosjektet dekkar løn til aktivitetsleiarar, transport, ulike aktivitetar og mat. Det har vore spanande og innhaldsrike dagar både heime i Hyllestad og på ulike utflukter. Det er kjekt å kunne utforske og bli kjend med nærmiljøet og dei fantastiske anlegga vi har i kommunen.
Elevane har gått Folkestien og hatt aktivitetar i Hamneparken, vore på tur til Skogsvegen Panorama etterfulgt av bading på Heggebøneset, fisking i elva i Kvernsteinsparken, aktivitetar i Hyllestadhallen og diskgolf på Haukåsen.
Hamneparken på Sørbøvåg
Julie Einen / Hyllestad kommune
Skogsvegen Panorama i Leirvik.
Julie Einen / Hyllestad kommune
Heggebøneset
Julie Einen / Hyllestad kommune
Vi har vore fleire turar til Førde på både klatresenter, bowling og gokart. Og vi har vore i Høyangerbadet. Elevane har sjølv kome med innspel til aktivitetar, så vi har gjort alt vi har hatt lyst til og vi har ete mykje god mat!
Arve Åsnes frå Gjensidigestiftelsen kom på besøk første veka og overrekte den rause sjekken på 140 000 kr til prosjektet. Han deltok i lunsjen med elevane som var fredagstaco og fruktsalat til dessert. Det var ei kjekk stund!
Bowling i Førde
Eirik Wallevik Eide / Hyllestad kommune
Diskgolf på Haukåsen i Leirvik.
Eirik Wallevik Eide / Hyllestad kommune
Førde klatresenter
Julie Einen / Hyllestad kommune
Elevane skulle delta på tynningsfiske i Dalsvatnet med Hyllestad Jakt- og Fiskelag, men grunna ekstremveir måtte vi utsetje dette. Vi håpar å få det til ved eit seinare høve.
Ei stor takk til Gabriel Ølmheim Ulvik, Eirik Wallevik Eide, Patrycja Dembek og Tuva Bråstad for jobben som aktivitetsleiarar denne sommaren!