Skogkveld i Hyllestad 6. oktober klokka 17.00

Landbruksforvaltninga og Skogselskapet i Sogn og Fjordane inviterar til skogkveld tysdag 6. oktober kl. 17.00. Tema for kvelden er ungskogpleie.

Skog med sol som skin mellom trea. - Klikk for stort bilete Pixabay

Mange skogeigarar er flinke til å plante, men er usikre på korleis skogen bør følgjast opp dei fyrste åra. På denne skogkvelden vil vi sjå nærare på eit plantefelt, korleis det har gått med plantene, og kva slags tiltak som er aktuelt for ein betre skog i framtida.

Kvelden vil føregå vest for Espelandsvatnet, sør for Tryglevika. 

Arrangementet er ope for alle.


Oppmøte

Tysdag 6. oktober 2026 kl. 17.00 ved Espelandsvatnet. Arrangementet er gratis og ope for alle interesserte.
Vel møtt til ein lærerik og sosial skogkveld!

 

Har du Spørsmål?
 

Ta kontakt med Arnt Tomas Sundli på telefon 991 06 526.