Samling i barnehagen – Ramadan og Eid

Barnehagen si samling i dag handlar om Ramdan og Eid/ Id. Id al – fitr, eller fastebrytingsfesten. Dette er ei religiøs feiring for muslimar for å markere at fasten/ ramadan er over

Hyllestad kommune

I år feirar ein denne høgtida frå solnedgang 9.april til solnedgang 10.april. 

Lama Intani har samling om Ramadan, og Batoul laga kyllingsuppe til varm lunsj. Barna får lære litt om Ramadan og kva muslimane gjer under Ramadan, og kva som kjem etter. 

Dessutan skal dei få sjå Koranen, i tillegg til at det skal vere aktivitetar der dei mellom anna får pynte ein stor måneballong, legge stjerne på kalendaren og lage lanterne.

 

Barnehagetilsett har samling om Ramadan og viser fram bilder. - Klikk for stort bileteLama Intani har samling om Ramadan. Hyllestad kommune
Ramadan kalendar - Klikk for stort bilete Hyllestad kommune
Koranen på gullduk - Klikk for stort bileteKoranen Hyllestad kommune