Samarbeid! Saman om nyskaping i Vestland

Vestland Fylkeskommune inviterte til konferanse 23. og 24. november i Bergen.

Overskrifta var SAMARBEID!  Saman om nyskaping i Vestland

Dette var ei samling for kommunar og samarbeidspartnarar om innovasjon og næringsutvikling i Vestland. Formålet med samlinga var å lære av kvarandre, forbetre samarbeid og dele erfaringar, knyte nye kontaktar og bli betre kjende på tvers av kommunar og samarbeidspartnarar.

Delar av konferansen var på Vestlandshuset og det var ein kjekk detalj for oss som ikkje har vore der før. 

Deltakarar frå Hyllestad:  Laila Johannessen og Arlen Solheim på vegne av Hyllestad kommune, Veronica Haveland for Klar Bedrift og Trygve Hallberg for Akvahub.

Kva lærte vi på denne konferansen?

  • Vi vart gjort merksam på kor mange aktørar som er involvert for å få til innovasjon og utvikling
  • Vi treng alle aktørane for å få til vekst og verdiskaping i Vestland og Noreg
  • Kva utfordringar vi står ovanfor
  • Kva u-utnytta ressursar som finst
  • Korleis nytte eller få tak i disse ressursane
  • Kva treng vi for å lukkast? …svaret gjer seg vel litt sjølv gjennom namnet på konferansen

Treng vi slike konferansar? 

  • Dei er viktige for å bygge kontaktnett > for å få til samarbeid > gjere kvarandre gode
  • For å gjere dei ulike aktørane merksam på kvarandre og kva dei jobbar med
  • For å få oversikt over ulike verkemiddel som er tilgjengeleg
  • For å få Vestland til å ha same verkelegheitsbilde > dra i same retning

Vi tar til oss all kunnskap og gode råd som vart delt på konferansen inn i arbeidet med Hyllestad Vekst prosjektet!

Arlen Solheim
Prosjektleiar Hyllestad vekst

arlen@arez.no
Mob 94819275