Røykutvikling på Soltun

Det er observert røykutvikling på Soltun (omsorgsbustadar) kl. 01:00.

Naudetatar er varsla. Brannvesenet er på staden.

Kriseleiinga i kommunen har sett stab 01:35.

Alle bebuarar er i sikkerheit, og drifta går som normalt på omsorgssenteret. Det vert jobba vidare med å finne kjelda til røykutviklinga.

Melding frå Politiet kl. 03:04: Bygget er gjennomgått av brannvesen og politi. Finn ikkje noko årsak til røyk/lukt. Avsluttar på staden.

Brannvesenet avsluttar aksjonen 03:41, utan å finne kjelde til røyk. Utplasserer brannvakt gjennom natta.

Informasjon vert oppdatert fortløpande.

Kjell Eide
Ordførar
E-post
Telefon 57 78 95 05
Mobil 99 27 19 00