Resultata frå TV-aksjonen er klare, og me er fornøgd!

Men - hoppa det nok politikarar i havet?  Resultatet for Hyllestad kommune i innsamlingsaksjonen hamna på kr 81.282.  Samla for landet er det kome inn kr 273.747.956 til no.

Resultatet frå innsamlingsaksjonen gjer at Hyllestd hamna på 135. plass av totalt 357 kommunar (fordelt på innbyggjarar) og på 27. plass i fylket.    Hyllestadfolket gav kr 64,1 per innbyggjar, noko som er kr 14,14 over landsgjennomsnittet på kr 49,96.

Resultatet finn de her

Vi takkar alle som har gitt pengar til aksjonen.

Det er framleis mogleg å gje pengar til TV-aksjonen, dette kan du gjere heilt fram til 1. desember. Først då blir det endelege resultatet klart.

Har du ikkje fått gitt pengar til innsamlinga, kan du framleis gje via den digitale bøssa