Rekordengasjement under Rein Sognefjord i Hyllestad – over 4,6 tonn plast rydda!

Den årlege ryddeaksjonen Rein Sognefjord gjekk av stabelen torsdag 4. september, og Hyllestad leverte med imponerande innsats. Totalt vart det rydda heile 4,6 tonn plast og boss frå fjord og strand – 4,1 tonn registrert i dei to containerane plassert i Sørbøvåg og Leirvik, og ytterlegare 500 kg som Fjordane Friluftsråd tok med seg til Solund etter den offentlege ryddeaksjonen.

I forkant av aksjonen gjorde Sogndal Dykkarklubb ein viktig ryddejobb ved å ta med seg avfall som de fant under dykka sine. I tillegg fekk containerane stå litt ekstra i år, og det kom godt med! Etter gjennomført Rein Sognefjord tok nemleg Fjordane Friluftsråd med seg ein folkehøgskule frå Sogndal til Hyllestad, der dei brukte fire dagar på å rydde langs fjord og strand. Ein fantastisk innsats som verkeleg monnar!

Under Rein Sognefjord 2025 kom òg fjordryddaren Dag-Viggo til Hyllestad, i år igjen! Båten låg til kai i Leirvik, og inviterte til kaffi, nysteikte vaflar og gode samtalar om mikroplast og havmiljø. For dei som ikkje hadde høve til å delta på ryddeaksjonen i Rysjedalsvika, var dette eit framifrå alternativ. Her kunne ein bidra, lære og kose seg på same tid.

 Engasjementet har vore enormt, med frivillige frå både innanfor og utanfor kommunegrensene som har stilt opp. Under den offentlege ryddeaksjonen ved Rysjedalsvika ferjekai deltok mange, og innsatsen vart feira med pizzakveld på Hotel Sognefjord. Om lag 40 personar møtte opp til det sosiale samværet, og stemninga var god.

 Ein stor takk går til Stiftinga Framtidshavet, som har gjort aksjonen mogleg gjennom sitt engasjement, utplassering av containerar og utsending av ryddeutstyr til kommunen. Utan deira innsats hadde ikkje aksjonen latt seg gjennomføre i same omfang.

Tentativ dato for neste års aksjon er sett til 10. september 2026. Tusen takk til alle som møtte opp og bidrog, saman har vi gjort fjorden litt reinare og naturen tryggare!»