Rekneskap og årsmelding

Årsmeldinga for 2025 legg større vekt på kvalitet og utvikling enn tidlegare. Omgrepet «omstilling» går igjen. Det viser til at samfunnet endrar seg, og at kommunen må tilpasse tenestene til nye behov. Slik har det alltid vore, men krava til tilpassing kan opplevast som større i dag.

Myntstabel med nokre myntar liggande rundt. - Klikk for stort bilete Pixabay

Driftsresultat 2025

Årsrekneskapen for 2025 viser at Hyllestad kommune hadde eit negativt netto driftsresultat på 10 mill. kroner. Det svarar til -4,4 prosent av brutto driftsinntekter. Måltalet er eit positivt resultat på 1,75 prosent.

I det opphavlege budsjettet var underskotet sett til 14,4 mill. kroner. I revidert budsjett auka dette til 17,2 mill. kroner. Det faktiske resultatet vart dermed 7,2 mill. kroner betre enn i revidert budsjett.

Resultatet viser at den økonomiske utviklinga er noko betre enn venta i haustprognosen. Samstundes brukar kommunen framleis meir pengar enn det som er økonomisk berekraftig.

Driftsresultatet har vore betre enn budsjettert tre år på rad. I perioden 2023–2025 er samla resultat 28,7 mill. kroner betre enn reviderte budsjett.

 

Kvifor vart resultatet betre enn venta?

Dei viktigaste årsakene er:

  • høgare inntekter frå integreringstilskot (andre statstilskot)
  • høgare inntekter frå skatt og rammeoverføringar, særleg skatt
  • god avkasting på pensjonsmidlar (KLP)

 

 

Kva trekte resultatet ned?

Desse områda hadde høgare kostnader enn budsjettert:

  • sosiale utgifter (NAV)
  • barnevern
  • pleie og omsorg, særleg drift av institusjonen
  • barnehage
  • kommunehelse, særleg legevakt

 

 

Fokus på kvalitetsutvikling i tenestene

Årsmeldinga for 2025 legg større vekt på kvalitet og utvikling enn tidlegare. Omgrepet «omstilling» går igjen. Det viser til at samfunnet endrar seg, og at kommunen må tilpasse tenestene til nye behov. Slik har det alltid vore, men krava til tilpassing kan opplevast som større i dag.

For å lukkast må vi arbeide jamt med utvikling og forbetring i heile organisasjonen. Brukaren skal stå i sentrum.

Dette omfattar mellom anna:

  • tilpassing av tenestetilbodet
  • vidareutvikling av kvaliteten i tenestene
  • betre ressursbruk og effektiv drift
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

Vi lukkast best når vi set tydelege mål og alle tilsette kjenner måla og bidreg aktivt. Kommunen sin kompetanseplan peikar på at vi skal utvikle oss som ein lærande organisasjon, med ein felles kultur for læring og utvikling.

 

Positiv utvikling i sjukefråvær og arbeidsmiljø

Sjukefråværet går ned, og tilbakemeldingane på arbeidsmiljøet er stort sett gode. Det tyder på at det blir jobba godt med nærvær og oppfølging i einingane.

Samla sjukefråvær i 2025 var 7,3 prosent. Det er ein klar nedgang frå 2022, då fråværet var 11,17 prosent.

Med om lag 150 årsverk svarar nedgangen til ei årleg innsparing på rundt 6 mill. kroner. NAV sin fråværskalkulator viser at eit prosentpoeng lågare fråvær gir om lag 1,5 mill. kroner i innsparing ved dette talet på årsverk.

Årsmeldinga syner på ein god måte breidden av tenestetilbod kommunen skal yte, og at det i stor grad blir gitt gode kommunale tenester. Utfordringa er å få det til utan at det blir for dyrt. Svært mykje blir i dag styrt av individuelle rettar.

 

Gjermund Flage

Kommunedirektør

 

Årsmeldinga finn du her.